16 prosent av alle praktiserande legar i landet er utanlandske. I Sogn og Fjordane gjeld det kvar fjerde.

— Dette er formidable tal. Utviklinga stiller nye krav til arbeidsgjevarane, seier fagsjef for tilsynssaker i Helsetilsynet, Jostein Vist.

Statens helsetilsyn meiner kontrollen med kven som får jobb er for dårleg. Tilsynet meiner det særleg er på to område systema må gjerast betre:

  • Det må leggjast meir arbeid i rekrutteringsfasen. Bakgrunnen til jobbsøkjande helsepersonell må sjekkast grundigare.
  • Kommunar og sjukehus må dessutan skjerpe oppfølgingsrutinane for å hindre tabbar og oppdage feil så raskt som råd.
  • Vi ser, og har sett, over lang tid at ein del arbeidsgjevarar sviktar på desse områda, seier Vist.

Analmassøren

Eit ekstremt eksempel på systemsvikt er den svenske legen Mikael Nordfors som var kommunelege i Jølster fram til 2005. Han blei landskjend fordi han gav mange pasientar analmassasje mot ryggplager. Etter at han fekk sparken som kommunelege i Jølster, drog han til ny jobb i Kautokeino. Det gjekk ikkje betre der. Men etter å ha skifta etternamn til Stenborg, fekk han likevel ny jobb, denne gongen i Verran kommune i Nord-Trøndelag. Då kommuneleiinga fekk vite om fortida hans, fekk han fyken på dagen.

**Les også:

Elzubair reiser heim**

Seinare har det kome fram at Nordfors hadde fleire åtvaringar på seg frå Sverige, før han fekk jobb i Jølster. Også Statens helsetilsyn gav han gult kort, og meinte han hadde gitt påfallande mange pasientar tilbod om massasje i endetarmen. Han fekk likevel behalde legelisensen, og har etterpå jobba både i Sverige og Danmark.

Rusproblem

Jostein Vist er varsam med å gje konkrete døme, men viser i staden til at Helsetilsynet registrerer at visse typar saker dukkar opp med jamne mellomrom. Eksempelvis har det vore ei rekkje tilfelle der utanlandske helsearbeidarar med rusproblem har fått jobb i Norge.

**Les også:

Utan utlendingar stoppar helse-Norge**

— Når vi så går desse sakene etter i saumane, viser det seg at det ikkje ville vore så veldig vanskeleg å oppdage dette i rekrutteringsprosessen, seier fagsjefen.

— Korleis bør arbeidsgjevar gå fram?

— Det er grunnleggjande at dei sjekkar om helsepersonellet har lisensane i orden frå landa dei kjem frå. Deretter må det gjerast eit grundig arbeid med å hente inn referansar.

— Kvar sviktar det mest, i kommunane eller på sjukehusa?

— Vi ser at dette skjer både i primærhelsetenesta og i helseføretaka.

Søkjer lukka hos naboen

Fleire kjelder Bergens Tidende har vore i kontakt med seier at det kan vere grunn til å syne spesiell merksemd mot søkjarar frå andre nordiske land. Helsepersonell som kjem frå fjernare himmelstrøk, er ofte fagleg svært dyktige. At dei er flinke, er ein grunn til at dei vil prøve seg ute. Men når det gjeld søkjarar frå Norden er det derimot ein tendens til at dette er personar som slit med å få jobb i heimlandet.

— Finst det undersøkingar som viser om utanlandsk helsearbeidarar er over- eller underrepresenterte i klagesaker?

— Helsetilsynet har ikkje slik statistikk. Vi registrerer likevel at vi har relativt mange saker der namnet på det innklaga helsepersonellet ikkje er norskklingande, sier Vist.

Hva synes du om saken? Si din mening i kommentarfeltet under!