I ei felles utgreiing frå Forsvarsdepartementet og forsvarssjefen, blir det opna for at Forsvaret skal kunne ta i bruk psykologisk krigføring for å påverke og oppnå dei måla ein ynskjer.

«Svart propaganda» — løgn

I Bergens Tidende laurdag karakteriserte den høgt respekterte, pensjonerte offiseren generalmajor Gullow Gjeseth framlegget som opning for å tillate bruk av «svart propaganda». Det vil seie medvite urette opplysningar eller løgn.

Han meiner det vil opne for vanskelege grensedragingar, med fare for dramatiske konsekvensar. Han viste til problema som dei ansvarlege politikarane nå står oppe i, og må svare for, i Storbritannia og USA med bakgrunn i den informasjonen dei serverte om krigsgrunnlaget i Irak.

Vil ikkje ha

— Eit slikt forsvar skal vi ikkje ha. Vi vil ikkje at Forsvaret skal kunne sjonglere med fakta og drive påverknad i ein bestemt retning, seier Marit Arnstad til Bergens Tidende. Ho er parlamentarisk leiar og forsvarspolitisk talskvinne for Senterpartiet.

— Eg går ut frå at dette er endå ei utgreiing frå forsvarssjefen som blir lagt i ein skuff. Det er heilt naudsynt, ikkje minst av omsyn til Forsvaret sitt omdøme, seier Arnstad.

Arnstad siktar til framlegget frå forsvarssjefen om at Noreg skal kjøpe langtrekkande kryssarrakettar for tre milliardar kroner. Framlegget har fått ei heller kjøleg mottaking, for å seie det forsiktig.

«Ryddeaksjon»

— Det norske forsvaret har aldri tidlegare hatt den typen våpen, og det er vanskeleg å sjå kva behov og interesser slike våpen skulle tene.

Arnstad kan ikkje tru at Forsvarsdepartementet og statsråd Kristin Krohn Devold står bak denne nye utgreiinga.

— Men materialet som nå er presentert, er eit fellesprodukt mellom forsvarssjefen og Forsvarsdepartementet?

— Forsvarsdepartementet er eitt organ og inkluderer nå også forsvarssjefen. Alt som kjem derifrå er statsråden ansvarleg for. Etter det som nå er offentleggjort, reknar eg med at departement og regjering må gjennomføre ein ryddeaksjon.

«Uhyre dramatisk»

Kjetil Bjørklund, som er SV sin forsvarspolitiske talsmann, reagerer slik på innhaldet i utgreiinga:

— Dette er uhyre dramatisk. Det er vanskeleg å finne ord som er sterke nok for å karakterisere kva dette betyr. Det er tydeleg at desse ideane er drøfta under arbeidet med militærfagleg utgreiing både hjå forsvarssjefen og i departementet. Det er alarmerande.

Det materialet som nå er offentleg tilgjengeleg, gjev meir enn god nok grunn til å reagere. Vesentlege delar av materialet er gradert og blir hemmeleghalde.

Bjørklund meiner ein kan frykte og rekne med at det hemmeleghaldne materialet er endå meir følsamt. Han ropar nå eit klart varsko:

— Vi som sit på Stortinget, må stelle oss slik at vi ikkje må avfinne oss med å få misvisande eller urett informasjon. Her må alle kort på bordet.