Saka vart presentert i Bergens Tidende for eit par dagar sidan og gjeld innsyn i søkarlister til ledige dommarembete.

I den nye lovteksten står det at offentlege søkarlister skal innehalde «samtlige søkeres navn» m.m.

Men «samtlige søkere» er ifylgje Liv Synnøve Taraldsrud, noko anna enn alle eller samtlege som har søkt. Kva skilnaden er, har ho vanskeleg for å gjere greie for.

Ho er prosjektleiar for det såkalla domstolsprosjektet i Justisdepartementet.

Professor Bernt, som har arbeidd mykje med offentleglova, har sjølv vore sterk tilhengar av å stramme inn på innsynsretten i søkarlister til offentlege stillingar.

Med bakgrunn i drøftingane som Justisdepartementet har gjort i lovproposisjonen trur han også at det er det departementet har meint.

— Men då er det ein dårleg lovteknikk dei har valt. Her er det gjort eit særdeles dårleg handverk, seier Bernt.

Generalsekretær Nils Øy i Norsk Redaktørforening, går eit steg vidare:

— Dette er ikkje berre dårleg handverk. Det er direkte latterleg. Mest alvorleg er det at denne teksten har passert lovgjevar, Stortinget, utan nokon merknad eller korreksjon. Det er nedslåande, seier Øy.

— Det er heilt klart at presseorganisasjonane må ta dette opp med departementet. Eg vil også ta dette opp i det offentlege utvalet som arbeider med endringar i offentleglova, seier Øy. Han er sjølv medlem av utvalet.

Bernt seier at det ut frå norsk tradisjon kan la seg gjere å forsvare den tolkinga som Justisdepartementet nå legg opp til.

— Men heilt klart er det ikkje. Det er fullt mogeleg å hevde at lovteksten her er så klar at den står på eigne bein. Og i mange andre land, som USA og fleire land i Europa, ville det vere heilt uråd å forsvare eit standpunkt om at lovteksten ikkje er det avgjerande. I desse landa vil lovteksten vere det heilt avgjerande, seier Bernt.