Juss-professorane Jan Fridtjof Bernt ved Universitetet i Bergen og Carl August Fleischer ved Universitetet i Oslo, reagerer begge sterkt mot ein del av vurderingane frå Justisdepartementet.

Botnen ut

Kritikken er så sterk og prinsipiell at botnen fell ut under store delar av Justisdepartementet sin argumentasjon i habilitetsvurderinga til fordel for Ludvigsen.

Det går først og fremst på departementet sine vurderingar av Ludvigsen sitt forhold til Sildesalslaget, der bror hans, Kåre Ludvigsen, er nestformann.

— Dette er eit eksisterande forhold, som varer ved medan dei begge sit i posisjonane sine. Det blir feil å samanlikne eller sette likskapsteikn mellom det forholdet og det tilfellet at ein statsråd sjølv tek permisjon frå ein organisasjon, for å bli statsråd, seier Bernt til Bergens Tidende.

— Eg er samd med Lovavdelinga i at det hadde vore greit nok om statsråden sjølv tok permisjon frå tillitsverv i Sildesalslaget. Men det er ikkje den situasjonen ein står overfor her. Han stiller seg heilt uforståande til at Lovavdelinga i Justisdepartementet ikkje ser dette poenget.

Det same gjer professor Fleischer. Han seier til Bergens Tidende at han er heilt samd med professor Bernt.

Han meiner botnen fell ut av argumentasjonen til Lovavdelinga.

Undrande

Både Fleischer og Bernt stiller seg også undrande til at Lovavdelinga hevdar eit klart skilje mellom saker der Sildesalslaget sjølv tek initiativ og der initiativ kjem frå staten.

— Dette er ei feilslutning, seier Fleischer.

— Ein kan godt tenkje seg saker der staten tek initiativ, til dømes i generelle reguleringssaker, at inhabilitet vil inntreffe. Det kan då bli snakk om særlege ulemper eller særlege fordelar for Sildesalslaget og medlemene deira.

— Eit slikt døme er spørsmål om reguleringar av kor mykje og korleis ein skal fiske i dag - i forhold til den framtidige ressurssituasjonen. Vi har plikter etter folkeretten til å ta vare på fiskeressursane. Der kan det utan tvil oppstå interessemotsetningar – klar motstrid i forhold til partar som ynskjer å fiske mest mogeleg for å få store inntekter til avskriving av investeringar i fartøy. Det kan vere snakk om millionbeløp for den einskilde part, seier Fleischer.

Grunnlova

Professor Bernt slår også ned på at Lovavdelinga nyttar ei tilvising til Grunnlova, paragraf 12, som argument for at det skal mykje til for at ein statsråd skal bli ugild.

I denne paragrafen framgår det at det er Kongen som fordeler oppgåvene mellom statsrådane.

— Eg kan ikkje sjå at dette er relevant i det heile for spørsmålet om habiliteten til ein statsråd, seier Bernt.

— Dette er ein merkverdig bruk av Grunnlova, seier Fleischer. Det ser ut til at Lovavdelinga meiner at denne paragrafen i Grunnlova kan setje vanlege saksbehandlings- og habilitetsreglar til sides. Det er sjølvsagt ikkje rett. For det første kan ein ikkje tolke Grunnlova statisk, slik ho vart til i 1814. Dertil kjem at habilitetsreglane først er utvikla i seinare år. Dei må sjølvsagt gjelde i all forvaltning, også for statsrådar, seier Fleischer.

Foto: Scanpix