Regjeringa har tidlegare vedteke å omdanne Statskonsult til aksjeselskap frå årsskiftet, etter framlegg frå statsråd Norman. Verksemda skal også splittast opp. Statskonsult har i dag om lag 140 tilsette.

Opplegget til Norman går ut på at om lag halvparten av dei tilsette skal få jobb i det nye aksjeselskapet.

Kva som skal skje med resten av arbeidsstokken, er meir uklart, men dei tilsette i Statskonsult har lenge frykta at dei blir sendt ut i arbeidsløyse.

Professor Jakhelln har nå vurdert den arbeidsrettslege stillinga for dei tilsette, på oppdrag frå tenestemannsorganisasjonane.

Han konkluderer med at endringane i arbeidsforholda for dei tilsette er så betydelege at dei må ha rett til å stå på at staten framleis har arbeidsgjevaransvaret for dei.

— Dei som vel slik, vil ha krav på at staten skaffar dei anna passande arbeid, seier Jakhelln til Bergens Tidende.

Det er stikk i strid med den oppfatninga Administrasjonsdepartementet har gjeve uttrykk for.

Jakhelln har også fått tilgang til eit internt notat frå Administrasjonsdepartementet der det mellom anna heiter: «Det kan være formålstjenlig å vente med etableringen av det nye organet til 1/7 2004, fordi en da vil unngå problemstillinger knytt til ansattes rettigheter dersom dette nye organet etableres samtidig med Statskonsult AS.»

— Eg finn dette utsegnet oppsiktsvekkjande. Slik det står, tyder det på at ein ønskjer å lage eit opplegg som er meint å fråta arbeidstakarane rettane dei har. Eg har høyrt at enkelte i privat sektor har prøvd seg på liknande opplegg tidlegare. Domstolane har ikkje likt slike opplegg, kommenterer Jakhelln tørt.