Mange av høyringsinstansane åtvarar sterkt mot å vedta det framlegget som justisministeren har utarbeidd. Det blir påpeika at framlegget vil råke altfor vidt, og at det til dels vil innføre nye prinsipp i strafferettspleien.

Kraftig kritikk

Mange av høyringsinstansane meiner at framlegget frå Justisdepartementet er dårleg, lite gjennomarbeidd og lir av feil og manglar. Dei indikerer at framlegget må vere eit hastverksarbeid.

Det blir også åtvara mot å forhaste seg i denne saka medan ein har to offentlege utval i arbeid som nettopp har i oppgåve å arbeide med det som er kjernespørsmåla i den nye lovgjevinga.

Fleire instansar påpeikar at støtte til frigjeringsrørsler som ANC og den kampen ANC i mange år dreiv i det sørlege Afrika, vil bli råka.

I mange år ytte den norske staten betydeleg økonomisk støtte til denne kampen.

Desse synspunkta er sterkt framheva av Advokatforeningen.

Atvaring frå Dommerforeningen

Dommerforeningen uttalar at «særskilte straffebestemmelser til bekjempelse av terrorisme kan komme i konflikt med grunnleggende garantier for rettssikkerhet».

Foreningen meiner at dersom departementet finn det påkravd å fremje lovreglar mot terrorisme nå, må det i lovmotiva uttrykkeleg framgå at lovreglane vil bli vurdert på ny når utgreiinga om nye reglar for brotsverk mot statens sjølvstende og tryggleik ligg føre.

Dommerforeningen har «sterke betenkeligheter» mot forslaget om å innføre straff for planlegging og førebuing av terrorhandlingar. Det blir åtvara mot «hastverkslovgiving».

«Intet behov»

Den hardaste kritikken er det likevel riksadvokaten som kjem med. Han ser «intet internrettslig behov for å innføre en egen straffebestemmelse mot terrorisme.

Han er også «skeptisk til» «en egen straffebestemmelse rettet mot handlinger som allerede fullt ut rammes av eksisterende bestemmelser».

Det einaste punktet der han kan sjå at Noreg kan vere folkerettsleg forplikta til å innføre endringar i norsk rett, må vere handlingar som gjeld finansiering av terrorisme.

Gjer tankar straffbare

Fleire av høyringsinstansane peikar på at Justisdepartementet vil gjere tankane til ein som blir mistenkt for å planlegge terrorhandlingar, straffbare.

Riksadvokaten slår ned på at departementet vil likestille trugsmål om å utføre ei handling med å gjennomføre handlinga og fleire «forberedelseshandlinger».

Om det seier riksadvokaten:

«Riksadvokaten kommenterer ikke utkastet videre i dette perspektivet idet en går mot bestemmelsen i sin helhet som straffebestemmelse mot terror».

Når det gjeld framlegget til straffeskjerping, har riksadvokaten dette å seie:

«Det kan ikke utelukkes at det finnes terroristisk motiverte handlinger hvor gjeldende strafferamme er for lav, men det er vanskelig å komme på realistiske eksempler.»

Begge desse utsegnene inneber ei klar distansering frå departementet sitt opplegg.

Riksadvokaten åtvarar også generelt mot å ta i bruk nye og meir utradisjonelle etterforskingsmetodar enn det kriminalitetsbildet faktisk tilseier. Han meiner det må grunngjevast godt, og det har departementet ikkje gjort.

Generaladvokaten kritisk

Også Generaladvokaten åtvarar mot framlegget frå Justisdepartementet. Han uttalar at innkjøp av jaktammunisjon vil kunne straffast dersom den er gjort med forsett om å utføre ei terrorhandling.

«Også planlegging av slik anskaffelse vil etter lovforslaget kunne straffes. Man flytter dermed fokus fra å se på om det er begått en skadegjørende handling ... til å fokusere på hvilke tanker en mistenkt har gjort seg...», skriv generaladvokaten.