Frp-leiar Carl I. Hagen kommenterer utviklinga slik: — Dette er eit fullstendig tilbaketog frå forsvarsministeren si side. Eg ventar no at Kristin Krohn Devold kjem med ein avskilssøknad frå jobben som forsvarsminister.

To millionar på bordet

Det var tydelegvis svært om å gjere for forsvarsminister Kristin Krohn Devold å presse fram eit forlik i saka før jul.

Departementet la då, etter det Bergens Tidende kjenner til, to millionar kroner, (inkludert sakskostnader) på bordet, men ville sjølv diktere vilkåra rundt eit forlik. Mellom anna kravde departementet at mannen skulle seie opp jobben sin som avdelingsdirektør i Forsvarets Overkommando.

Då motparten ikkje ville akseptere forliksutspelet over bordet, heva departementet forhandlingane og trekte anken som statsråden sjølv hadde fremja for lagmannsretten. Då vart også motparten avskoren frå å få fremja motanken sin.

Både statsråden og pressetalsmannen hennar, Martin Lohne, hevda i juni i fjor, etter at den knusande dommen låg føre frå Oslo tingrett, at det i denne saka var «registrert 31 brudd på reglene om dokumentsikkerhet».

Måtte trekkje seg

Desse påstandane måtte forsvarsministeren seinare gå tilbake på og seie seg lei for.

Dei hevda også at det var «ikke mulig å leve» med dommen av di den skapte «uklarhet om sikkkerhetsklarering».

Pressetalsmann Martin Lohne avslår overfor Bergens Tidende å forklare kvifor departementet og Forsvaret no likevel kan leve med dommen. Han vil heller ikkje svare på kvifor det var så om å gjere for departementet å freiste å tvinge igjennom eit forlik like før jul. Han viser til ei pressemelding departementet har laga der det heiter at departementet ut frå «en samlet vurdering» «besluttet å trekkje anken».

Knallhardt køyr

Kuvendinga er dessmeir oppsiktsvekkjande ettersom statsråden vart hardt pressa i denne saka i Stortinget i juni. Frp-leiar Carl I. Hagen, Sp-leiar Odd Roger Enoksen og leiaren i Kontrollkomiteen, Ågot Valle frå SV, leidde an i kritikken mot Devold.

Arbeidarpartiet var ei stund også klar til å vere med på stormlaupet mot Krohn Devold. Men partiet hoppa av i siste sekund under behandlinga i Kontrollkomiteen med den grunngjevinga av saka stod for retten.

Krohn Devold vart i Stortinget i juni oppmoda om å trekkje anken på grunnlag av den kvasse kritikken som Stortinget sitt kontrollutval for dei hemmelege tenestene (EOS-utvalet) hadde retta mot departementet i saka.

«Grunnlag for mistillit»

Krohn Devold avviste heilt å trekkje anken med grunngjevinga at Forsvaret ikkje kunne leve med dommen.

Carl I. Hagen uttalte etter dette at det var grunnlag for å fremje mistillitsframlegg mot Krohn Devold om staten også tapte i lagmannsretten.

Nå har statsråden trekt anken og godteke dommen frå tingretten. Ikkje nok med det, departementet har også akseptert at mannen får tilbake jobb i Forsvaret.

— Det som nå har skjedd, er svært oppsiktsvekkjande. Mitt syn er at Kontrollkomiteen nå må be om å få ei utgreiing frå forsvarsministeren. At statsråden nå snur fullstendig i saka er for meg det same som at ho vedgår at ho tok feil. Eg ventar nå ein avskilssøknad frå statsråd Krohn Devold, seier Hagen til Bergens Tidende.

Meir køyr mot Devold

Leiaren i Kontrollkomiteen, Ågot Valle, frå SV meiner forsvarsministeren nå må gje kontrollkomiteen ei beri orientering om snuoperasjonen.

— Eit fleirtal i komiteen kan krevje ei slik forklaring, eller ein av komitemedlemene kan stille spørsmål til statsråden, seier Valle til BT.

Ap sin hovudtalsmann i Kontrollkomiteen, Kjell Engebretsen, seier til Bergens Tidende at også han er svært overraska over at departementet nå har trekt anken og akseptert dommen frå tingretten.

— Når saka nå ikkje lenger verserer for domstolane vil vi i Ap vere villig til å gå inn og sjå på saka med friske auge. Eg går ut frå at fleire enn eg er interessert i å få vite kvifor departementet nå brått har snudd. Ettersom departementet nå har snudd og godtek dommen, går eg ut frå at avdelingsdirektøren får jobben tilbake, seier Engebretsen.

fakta/oppseiingssaka

  • I 1999 vart ein avdelingsdirektør i Forsvarets Overkommando fråteken tryggingsklareringa si. Deretter vart han oppsagt etter 37 års teneste i Forsvaret og Forsvarsdepartementet.
  • Han klaga saka inn for Stortinget sitt kontrollutval for dei hemmelege tenestene. EOS-utvalet har kritisert departementet si behandling av saka i begge dei siste årsmeldingane sine.
  • Utvalet gjekk til det oppsiktsvekkjande steget å kome med ny og skjerpa kritikk mot departementet etter at årsmeldinga var avlevert.
  • I april i fjor leid departementet eit sviande nederlag i retten i oppseiingssaka som mannen reiste.
  • Departementet anka dommen. Det medførde at fleirtalet på Stortinget ikkje ville gripe inn mot statsråden. No er situasjonen endra etter at departementet har trekt anken og akseptert dommen.

fakta/Krohn Devold-tabber

  • I midten av februar i fjor kom det frem at Forsvaret heller betalte for knusing av fullt brukbare beltevogner enn å selge dem til sivile. Det mente forsvarsminister var helt i orden. Helt til hun ble tvunget til å gjøre kuvending.
  • Bare to uker senere kom avsløringen om at Forsvaret hadde kjøpt ti israelske panservernraketter. Krohn Devold mente det var uproblematisk, selv om utenriksminister Jan Petersen slo fast at Norge ikke skulle handle våpen fra Israel.
  • I april avslørte Dagbladet en ny Krohn Devold-tabbe: Forsvaret hadde kjøpte ammunisjon fra Israel. Forsvarsministeren fikk nok en gang så ørene flagret.
  • I juni måtte Krohn Devold beklage opplysninger hun kom med til pressen i forbindelse med en omstridt oppsigelsessak i Forsvarets overkommando.
  • I oktober ble det kjent at et norsk og et belgisk jagerfly brukte klasebomber under en øving på Hjerkinn skytefelt. Dette til tross for at Norge jobber for et internasjonalt forbud mot slike bomber. Avsløringen kom helt overraskende på Krohn Devold, til tross for at Forsvaret sendte ut pressemelding om saken.
  • I kjølvannet av klasebombesaken skapte Krohn Devold nytt oppstyr da hun for åpen mikrofon i TV-programmet til Fredrik Skavlan svarte bekreftende på at hun manglet kontroll over Forsvaret.