Norsk ølkonsum er på retur, og Ringnes har overkapasitet i bryggeria sine i Oslo, Arendal (Arendals Bryggeri), Stavanger (Tou) og Trondheim (E.C. Dahls). Ringnes er eigd av Orkla, som eig 40 prosent i Carlsberg Breweries. Å leggja ned to av dei tre anlegga utanfor Oslo, kan gje konsernet 200 millionar kroner i innsparing over ti år.

Nedleggingsframlegget har utløyst skarpe protestar frå i alt over 600 tilsette ved dei aktuelle bryggeria, og har blant konsumentane avfødd ein skummande lokalpatriotisk kamp for ølet. 23. mai demonstrerte bryggeriarbeidarane framfor Carlsbergs hovudkvarter i København. I Trondheim er det samla 31.000 underskrifter til støtte for framleis produksjon ved E.C. Dahls Bryggeri.

Boikott i Stavanger

I Stavanger seier halve utebransjen at dei vil boikotta Ringnes-ølet dersom Tou blir lagt ned.

Ifølgje Stavanger Aftenblad representerer desse utestadene ein ølomsetnad på 35 millionar kroner i året. Ei spørjeundersøking viser et ein av tre konsumentar vil venda Ringnes ryggen dersom oljebyens 117-årige bryggeri og rundt 100 av 170 arbeidsplassar forsvinn.

Gjennom Aftenbladet oppmodar Hansa Borgs fellestillitsvalte Morten Brostrøm sitt eige bryggeri til «å angripe Stavanger-regionen med full styrke» viss Ringnes vrakar Tou. I Stavanger har i dag Ringnes 70 prosent av ølmarknaden i daglegvareforretningane, og 90 prosent i utebransjen. I Haugesund står Hansa sterkast, med 70 prosent marknadsdel på restaurantar og pubar.

Rekordresultat

Ringnes fekk sitt beste økonomiske resultat nokon gong i 2002, og blei «Årets bedrift» i Carlsberg-konsernet. Det gode resultatet gjer det vanskelegare å forklara store driftsendringar, har Carlsbergs konserndirektør Paul Bergquist uttalt, ifølgje det interne nyhendebrevet Express.

— Vi ser mørke skyer på horisonten, og meiner det er meir ansvarleg å ta konsekvensane no enn når det er for seint. Vi har ein enorm overkapasitet i Noreg, sa Ringnes-sjefen Jan Bodd då han fekk Carlsberg-prisen.