— Vi er jo skuffa høve til det regjeringa har sagt i gjennom Soria Moria-erklæringa, seier leiar i Hordaland Bondelag og Senterpartipolitikar Marta Bjørgum Meland.

Tilbodet frå regjeringa inneber ein samla inntektsauke på 580 millionar kroner, der auka skattefrådrag utgjer mesteparten (425 millionar).

Det skulle gje 10.000 kroner i inntektsauke per årsverk, medan kravet frå bondeorganisasjonane var på 1,72 milliardar eller 21.400 kroner per årsverk.

Til liks med Bondelaget sentralt er Meland kritisk til at mesteparten av auken kjem frå skattefrådrag.

— Veldig mange av dei tradisjonelle jordbrukarane på Vestlandet vil ikkje få særleg utbytte av skattefrådraget, seier ho.

Det fordi dei ikkje har nok inntekt å trekkje frå på skatten.

Dyrare diesel

Snittinntekta for ein norsk bonde er under halvparten (47 prosent) av snittinntekta elles i samfunnet. Bondelaget meiner tilbodet frå regjeringa vil gjere forskjellen endå større.

Meland peiker på at kostnadene til norske bønder i år er venta å auke med heile 625 millionar kroner, hovudsakleg som følgje av dyrare drivstoff og straum.

Tilbodet frå staten er difor knapt nok til å dekkje auken i kostnader. Dermed sit bøndene att utan den inntektsauken som folk elles i samfunnet får.

Regjeringa på si side hevdar tilbodet er nok til å gje bøndene «ein inntektsutvikling på linje med andre yrkesgrupper». Den peikar óg på at tilbodet er betre enn på svært mange år.

— Det er mange år sidan eg som forhandlingsleiar har lagt fram eit så høgt tilbod i høve til bøndene sine krav, seier statens forhandlingsleiar Per Harald Grue til NTB.

Han peikar på at i fjor var tilbodet på 100 millionar kroner, medan det i åra altså ligg på 580 millionar inkludert skattefrådraget.

Tilskot mot attgroing

Trass i at ho er kritisk finn óg Meland nokre lyspunkt i tilbodet. Mellom anna innfører regjeringa eit nytt beitetilskot på 20 kroner per sau og 100 kroner per storfe, for å bøte på attgroinga av kulturlandskapet.

— Noko anna som er positivt er ei auka satsing på økologisk jordbruk på 36 millionar kroner, seier ho.

Ifølgje Nationen vart tilbodet frå staten ein dag forsenka, fordi SV og Senterpartiet ikkje kunne semjast om kor mykje dei skulle tilby bøndene.

Medan landbruksminister Terje Riis-Johansen (Sp) ville innfri løfta til bøndene i Soria Moria-erklæringa, held finansminister Kristin Halvorsen (SV) igjen, i følgje Nationen.

Bondeorganisasjonane skal no bruke nokre dagar på å finne ut om dei vil gå i forhandlingar med staten. Det vil dei høgst truleg gjere. Etter planen skal forhandlingane vere avslutta innan 15. mai.