Hagahaugen har avtale med Helse Vest om 40 rehabiliteringsplassar, men fekk ingen ved tildelinga for dei neste to åra frå 1. august. Institusjonen skårar dårleg på kvalitet, og har dessutan høg pris, er beskjeden frå helseføretaket.

Vart lurt

— Helse Vest grunngir avgjerda med at kvaliteten er utilstrekkeleg skildra. Men Hagahaugen følgde Helse Vest si oppmoding om å skriva kortfatta tilbod, seier advokat Steinulf Tungesvik, som har skrive klage.

— Berre sakshandsamingsfeil kan endra avgjerda om å droppa Hagahaugen, seier Oddvard Nilsen i Helse Vest. Er dette ein slik feil?

— Eigentleg ikkje. Dette er ein feil i vurderinga av tilbodet. Men også slike feil kan føra til omstøyting, seier Tungesvik

Han legg vekt på at det har vore fleire forhandlingsrundar om tilbodsinnhentinga, utan at tilbydaren på Voss har fått tips om å skriva meir utfyllande.

— Kjem Helse Vest i erstatningsansvar overfor dei som misser tildelte plassar, dersom Hagahaugen sin klage fører fram?

— Nei, det som no ligg føre er ei innstilling. Ingenting er bindande før klagefristane er ute.

42 fortvilar

Oppseiingar trugar på institusjonen som kneisar høgt over Vangen, opphavleg bygt av Bergen Trygdekasse for byfolk som trong å koma til krefter att. I verste fall kan Hagahaugen bli nedlagt, mindre enn tre år etter utbygginga som kosta nær 50 millionar kroner.

Dei tilsette nektar å innsjå nederlaget i tilbodsrunden, og appellerer til politikarane.

— Vi er utsett for eit spel der vinden for tida bles mot kysten. Det blir leika med jobben til 42 tilsette, sa sjukepleiar Sylvi Undal under eit appellmøte på Torget på Vangen tysdag kveld.

Dagleg leiar på Hagahaugen, Kjellaug Ekse Brekkhus, skildrar tapet i tilbodsrunden, og måten det var kommunisert på, som rå og brutal. Tilsette kom tilfeldigvis over meldinga på Helse Vest si nettside.

Ingen plan B

Styreleiar Terje Flage vedgår at styret ikkje har nokon plan for alternativ drift av dei 50 plassane på Hagahaugen.

— Kvifor gjennomførte styret den store utvidinga når ein er ikkje er sikra livsgrunnlag for meir enn to år?

— Eigaren (Voss kommune) stolte på dei føringane som vart gitt på det tidspunktet planane vart lagde og arbeidet sett i gang. Tenestene skulle konkurranseutsetjast, men ein skulle satsa på dei eksisterande institusjonane, seier styreleiar Terje Flage, og konstaterer at nye konkurrentar har vunne fram.

— Sjølv bussavtalane til fylkeskommunen går over minst sju år. Er toårige avtalar forsvarlege for institusjonar som Hagahaugen?

— Heilt klart ikkje. Slike ordningar innbyr ikkje til investering og modernisering. På lengre sikt vil det vera lite gunstig for Helse Vest.

Garantiansvar

Rådmann Einar Hauge stadfester at Voss kommune har stilt garanti for 60 millionar kroner i lån til Hagahaugen.

— Dette hadde vore ulovleg om ikkje huset kan nyttast av kommunen etter ein eventuell konkurs, opplyser han.

Rådmannen meiner Hagahaugen godt kan nyttast i eldreomsorga, men det seier seg sjølv at kommunen ikkje kan finansiera drift av 30 årsverk ved å knipsa med fingrane.

Hagahaugen Rehabiliteringssenter. Foto: Arne Hofseth