• STERKT UROA: Dagleg leiar Kjellaug Ekse Brekkhus og styreleiar Terje Flage har varsla dei tilsette om oppseiingar, i verste fall nedlegging, om ikkje klagen fører fram. Foto: Arne Hofseth

Skrytte for lite, vart vraka

Hagahaugen Rehabiliteringssenter tapte tilbodsrunden og er truga av konkurs. Skildringa av kvalitetane ved institusjonen på Voss var for kortfatta.

Hagahaugen har avtale med Helse Vest om 40 rehabiliteringsplassar, men fekk ingen ved tildelinga for dei neste to åra frå 1. august. Institusjonen skårar dårleg på kvalitet, og har dessutan høg pris, er beskjeden frå helseføretaket.

Vart lurt
- Helse Vest grunngir avgjerda med at kvaliteten er utilstrekkeleg skildra. Men Hagahaugen følgde Helse Vest si oppmoding om å skriva kortfatta tilbod, seier advokat Steinulf Tungesvik, som har skrive klage.

- Berre sakshandsamingsfeil kan endra avgjerda om å droppa Hagahaugen, seier Oddvard Nilsen i Helse Vest. Er dette ein slik feil?

- Eigentleg ikkje. Dette er ein feil i vurderinga av tilbodet. Men også slike feil kan føra til omstøyting, seier Tungesvik

Han legg vekt på at det har vore fleire forhandlingsrundar om tilbodsinnhentinga, utan at tilbydaren på Voss har fått tips om å skriva meir utfyllande.

- Kjem Helse Vest i erstatningsansvar overfor dei som misser tildelte plassar, dersom Hagahaugen sin klage fører fram?

- Nei, det som no ligg føre er ei innstilling. Ingenting er bindande før klagefristane er ute.

42 fortvilar
Oppseiingar trugar på institusjonen som kneisar høgt over Vangen, opphavleg bygt av Bergen Trygdekasse for byfolk som trong å koma til krefter att. I verste fall kan Hagahaugen bli nedlagt, mindre enn tre år etter utbygginga som kosta nær 50 millionar kroner.

Dei tilsette nektar å innsjå nederlaget i tilbodsrunden, og appellerer til politikarane.

- Vi er utsett for eit spel der vinden for tida bles mot kysten. Det blir leika med jobben til 42 tilsette, sa sjukepleiar Sylvi Undal under eit appellmøte på Torget på Vangen tysdag kveld.

Dagleg leiar på Hagahaugen, Kjellaug Ekse Brekkhus, skildrar tapet i tilbodsrunden, og måten det var kommunisert på, som rå og brutal. Tilsette kom tilfeldigvis over meldinga på Helse Vest si nettside.

Ingen plan B
Styreleiar Terje Flage vedgår at styret ikkje har nokon plan for alternativ drift av dei 50 plassane på Hagahaugen.

- Kvifor gjennomførte styret den store utvidinga når ein er ikkje er sikra livsgrunnlag for meir enn to år?

- Eigaren (Voss kommune) stolte på dei føringane som vart gitt på det tidspunktet planane vart lagde og arbeidet sett i gang. Tenestene skulle konkurranseutsetjast, men ein skulle satsa på dei eksisterande institusjonane, seier styreleiar Terje Flage, og konstaterer at nye konkurrentar har vunne fram.

- Sjølv bussavtalane til fylkeskommunen går over minst sju år. Er toårige avtalar forsvarlege for institusjonar som Hagahaugen?

- Heilt klart ikkje. Slike ordningar innbyr ikkje til investering og modernisering. På lengre sikt vil det vera lite gunstig for Helse Vest.

Garantiansvar
Rådmann Einar Hauge stadfester at Voss kommune har stilt garanti for 60 millionar kroner i lån til Hagahaugen.

- Dette hadde vore ulovleg om ikkje huset kan nyttast av kommunen etter ein eventuell konkurs, opplyser han.

Rådmannen meiner Hagahaugen godt kan nyttast i eldreomsorga, men det seier seg sjølv at kommunen ikkje kan finansiera drift av 30 årsverk ved å knipsa med fingrane.

Les også

Siste fra Innenriks

Blotterjakt på Stord

Politiet spaner og patruljerer etter blotter ved barneskole på Stord etter tre episoder på en uke.

Tvangsinnlegges

Anders Behring Breivik skal tvangsundersøkes i iIla fengsel.

Fylkesmannen slår ned på bar i naust

- Bare noen gamle møbler, sier eierne. - Ulovlig, mener fylkesmannen.

Lærer sjokkerer med Breivik-støtte

En lærer i Ringsaker i Hedmark skaper sterke reaksjoner med sine ytringer på Facebook der han sympatiserer med Anders Behring Breivik.

Norsk Tippings nye toppremie: 700 millioner

Nyvinningen heter Euro Jackpot.

Her heiser de opp forsikringsselskapets bil

- Veldig rart, sier skadedirektøren.

* Rehabiliteringssenter organisert som AS der Voss kommune eig alle aksjane.
* Opna i 1959 med Bergen Trygdekasse som eigar. Seinare eigarar m.a. Rikstrygdeverket.
* Terapibad opna i 2001, ny sengefløy i desember 2007. Kapasitet 62 senger, av desse bruker Voss kommune 12 som sjukeheimsplassar.
* Nær 30 årsverk er fordelt på 42 tilsette. Tapte tilbodsrunde i Helse Vest og står i fare for nedlegging.



Relaterte bilder

Hagahaugen Rehabiliteringssenter. Foto: Arne Hofseth

Mest lest

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

Siste saker

SØK I SKATTELISTENE (2009)

På forsiden nå

Lederstillinger

Stillinger