Han innser at det kan bli naudsynt å bruke det igjen alt til hausten for å få igjennom statsbudsjettet for 2003, slik han måtte i fjor haust.

Budsjettet er den viktigaste saka i løpet av året, så han held på at ei mindretalsregjering må kunne tillate seg å bruke kabinettspørsmål i ei sak som dette.

Helst vil han sjølvsagt ha ei forhandlingsløysing og ein avtale som sikrar fleirtal for budsjettet. Går det ikkje med Frp, er han open for å inngå avtale med kven det skulle vere.

Samstundes gjentok han åtvaringa til opposisjonen om at det går ei grense for kva regjeringa kan tole av nederlag. Men kvar grensa går, vil han ikkje seie noko om.

Jordbær og Prøysen

Dette gjorde Bondevik klart då han oppsummerte vårsesjonen og såg framover i møte med pressa i går.

Møtet vart halde på Sem gjestegård i Asker der også regjeringsplattformen vart meisla ut i fjor haust. Bondevik baud på jordbær med sukker på, introdusert med Alf Prøysen si jordbærvise. Det har gjennom lengre tid kome til uttrykk stigande uro og misnøye på lokalplanet i Kristeleg Folkeparti over regjerings-samarbeidet med Høgre. Dei syns det blir for mykje høgrepolitikk. I går argumenterte Bondevik for at det er rett å sitje i regjering med at ein er på rett kurs. Det fortel mykje når han finn behov for å argumentere for regjeringssamarbeidet.

Spesielt har kommunalminister Erna Solberg (H) vore skyteskive for sinte ordførarar, som symbol for ein politikk som har skapt økonomisk trengsel i kommunane.

— Erna, snill og god

Difor fekk Bondevik i går spørsmål om korleis han trur det vil vere å gå til kommuneval for KrF med ein kommunalminister frå Høgre.

Bondevik turnerte spørsmålet på fylgjande måte:

— Erna er snill, god og flink. Eg registrerer at ho får terningkast seks i Dagbladet. Ho står for regjeringa sin politikk. Så då må vel det vere positivt. Og Bondevik legg ut om alle ekstra-millionane kommunane er tilførd etter at han overtok.

Taus om eigne nederlag

Når Bondevik blir konfrontert med at Høgre har som politikk å legge ned fylkeskommunen, svarar han:

— Den saka tapte Høgre under regjeringsforhandlingane her ute på Sem. Men når Bondevik så får spørsmål om kva nederlag som har vore tyngst å svelge for han og KrF i regjeringa, vil han ikkje svare. Han vil ikkje blinke ut ei sak. Han vil heller ikkje blinke ut fleire saker.

Derimot vil han gjerne snakke positivt om SV, som han seier har oppåtrådt meir konstruktivt og framtidsretta når det gjeld distriktspolitikk enn det den tidlegare regjeringspartnaren Senterpartiet har gjort.

Han gjekk i rette med Sp-leiar Odd Roger Enoksen som har uttala at KrF har snudd heilt opp ned på distriktspolitikken sin i kompaniskap med Høgre.

— Det er heilt feil. Vi er samde om å avgrense flyttestraumen og om å oppretthalde folketalet i regionane, sa Bondevik.

— Det har vore lettare å få til samarbeid med SV om å tenke nytt. Mellom anna vart vi samde om å opprette eit nytt distriktsfond som Statens Nærings- og Distriktsutviklingsfond skal få ansvaret for, ifylgje Bondevik.