Skremmer vatnet av gravide
Skrekkhistorier og feilinformasjon på nett skapar frykt blant gravide.
AV: kjersti mjør
Eigne nettstader for gravide er populært, men skapar ofte unødvendig angst blant brukarar. I siste nummer av Tidsskrift for jordmødre åtvarar Gunn Taagerud gravide mot å leite etter informasjon på nett. Taagerud er jordmor med tjue års erfaring,
– Nettet er veldig oppteken av alt som kan gå gale. I staden for å glede seg over å vere gravide, blir mange kvinner redde. Svangerskapet blir eit mareritt, og det er tragisk, seier Taagerud til BT.
– Du gir nettet skulda?
– Ja, for mykje av det.
– Kva er ditt råd?
– Eg vil anbefale alle gravide om å ikkje gå på nettet for å finne informasjon. Har du spørsmål, gå til jordmor eller lege og få svar der og då!
– Unødvendig angst
På nettsidene kan brukarane lese artiklar om svangerskap og fødsel, diskutere med andre gravide og dele eigne historier og erfaringar med andre.
Skrekkhistorier om alt som kan gå gale florerer på nettet. Kvinner fortel om alt frå blødningar og kynnarar til streptokokkar og premature fødslar.
Ikkje alt har rot i det verkelege livet, seier Taagerud, og gir døme på vanleg frykt blant gravide som ofte blir forsterka etter eit nettsøk:
- Lite liv hos fosteret.
- For få spark.
- Angst for at barnet skal døy i magen.
- Konsekvensar av blødningar.
- At barnet kan få skader fordi mor drakk alkohol før ho visste at ho var gravid.
Legen har lite tid
Taagerud meiner det å gå på nettet krev bakgrunnskunnskap, elles kan gravide veldig fort bli skremt.
– Særleg gjeld dette kvinner som ikkje har jordmorkontakt, men går til lege. Legen har ofte lite tid, og kvinna får for lite informasjon. Då skaffar ho seg den informasjonen ho burde fått på kontroll på nettet istaden. Men nettet skapar unødvendig angst. Derfor bør vi frårå gravide å ukritisk søkje rundt på nettet, seier Taagerud.
– Men moderne kvinner er jo på nett?
– Det er riktig. Men mange av dei som går hos meg fortel at dei har slutta å leite etter informasjon på nettet, fordi dei blir så engstelege. God og riktig informasjon er heilt klart mentalhygiene.
Uroleg av diskusjonsforum
Legg du ut informasjon på ei nettside for gravide om at du er litt forkjølt og har hovudverk, kan du fort få svar frå ein annan brukar: «Er du sikker på at det ikkje er galopperande svangerskapsforgifting?»
– Dei aller fleste gravide er oppegåande og gjennomskuar dette. Andre er meir sårbare, seier jordmor Eva Nygaard ved helsestasjonen i Sandviken.
– Kvinner som for eksempel er veldig redde for fødselen, sug til seg skrekkhistorier frå fødestover og fødslar. Ein del lar vere å bruke nettsidene, fordi dei kjenner at det ikkje er bra for dei.
Anbefaler bøker
Først og fremst er det diskusjonsforuma som skapar angst og uro, fortel Nygaard, som heller ikkje anbefaler gravide å leite etter informasjon på nett.
– På første møte med ei gravid kvinne pleier eg alltid å snakke om kor ein kan finne fram til god informasjon om svangerskap og fødsel. Eg pleier å anbefale ein del bøker, men ikkje nettstader. Derimot opplyser eg nøytralt at dei eksisterer. Då stadfestar alle at dei har vore innom, seier jordmora.
Nygaard synest ikkje at det er problematisk at slike nettsider finst.
– I alle fasar i livet må vi lære å sortere mellom perler og skit. Den prosessen kjem heller ikkje gravide unna.
Les også
Siste fra Innenriks
Nett kan vera greitt
– Det står mykje rart på nettet, men det blir feil å anbefale gravide å ikkje bruke det, seier Marit Heiberg, leiar i Den norske jordmorforening.
– Kvinner i dag brukar nettet, og det må vi forhalde oss til. Sjølv om ein ikkje skal ta alt som står der like bokstavleg, er nettet ein positiv ting.
At ei gravid kvinne tek opp ting ho har lese på nettet med jordmor, meiner Heiberg er eit godt utgangspunkt for ein samtale.
– I staden for monolog frå jordmor om kva ein skal gjere og ikkje gjere, skapar dette grunnlag for tovegskommunikasjon, og det er kjempebra.
Snart kjem det også ein statleg nettside for gravide. Stortingsmelding nr. 11 om svangerskaps- og fødselsomsorg vil gje Helsedirektoratet i oppdrag å samle all offentleg helseinformasjon i ein nettbasert helseportal retta mot gravide og fødande.