47 prosent av norske røykjarar skjuler tidvis for andre at dei tar seg ein blås, viser undersøkinga Norstat har utført for Pfizer. 347 røykjarar er intervjua i undersøkinga.

– At ein ikkje ønskjer å stå fram med røyken, er i tråd med det symbolske innhaldet røyking representerer, meiner forskingsleiar Karl Erik Lund ved Statens institutt for rusmiddelforsking (SIRUS).

Smugrøykinga har samanheng med at røyking er blitt mindre sosialt akseptert, trur han.

– Det er blitt langt færre arenaer for røyking, og informasjonskampanjar og høge avgifter er med på å utgjera eit eintydig press på å la vera. Røyking blir ei normativ avviksåtferd som folk ikkje ønskjer å synleggjera, seier Lund.

Røykjarane prøver derimot ikkje ofte å skjule røyken – berre fem prosent gjer det dagleg, endå fem prosent eit par gongar i veka, og dei siste 37 prosentane gøymer seg av og til.

Lurer foreldra 29 prosent av røykjarane opplyser òg at ikkje alle dei kjenner veit at dei tar seg ein blås. Frykt for at foreldra skal oppdaga røykinga er vanlegast – ein fjerdedel av alle røykjarane seier at det er opphavet dei oftast skjuler røykinga for.

Halvparten av røykjarane under 30 gøymer seg for foreldra, men også ni prosent av røykjarane over femti liker å halda tobakken hemmeleg for mor og far, viser undersøkinga.

Gøymer seg for ektefelle I den eldre aldersgruppa har 21 prosent av røykjarane svart at dei oftast skjuler røyken for barna sine.

– Foreldre liker ikkje at ungane røykjer, og ungar liker ikkje at foreldra røykjer. Det er jo noko ein ikkje ønskjer å pynta seg med, seier Lund.

Sju prosent av røykjarane klarer også å gøyma seg for kjærast eller ektefelle. Her er det røykjarane i aldersgruppa 30–39 som er ivrigast på å gøyma vekk tobakken – 12 prosent seier dei hyppigast skjuler røyken for partnaren.

Kven skjuler du røyken for?

Smugrøykjarar i Bergens gater tilstår.

– MIN MANN: – Han veit ikkje at eg røykjer, men han har sett meg med røyk ein gong. Eg blir flau av å røykja framfor han, så eg røykjer berre på jobb, seier bergenskvinne (46).

– FARMOR: – Eg liker ikkje å røykja framfor ho. Ho liker ikkje røyk, og eg vil ikkje skuffa ho, seier bergenskvinne (21).

– BARNEBARN: – Eg vil ikkje at barnebarnet mitt skal sjå meg røykja. Faktisk prøver eg å gøyma meg litt for han akkurat no. Det er viktig å skjula røyken for barn – eg vil ikkje at nokon i heile tatt skal byrja å røykja, seier engelskmann (61) på bergensbesøk.

– BARN: – Eg skjuler røyken for barn og unge generelt. Røyking er jo ikkje akkurat noko ein er stolt over at ein driv på med, seier tobarnsmor og bergenskvinne (54).

– KJÆRASTEN: – Ho liker ikkje at eg røykjer, så eg skjuler det for ho. Men akkurat no er ho ute av byen, så derfor kan eg gå og røykja på gata, seier innflytta trønder (25).

Skjuler du røyken for nokon? Sei meininga di!