— Grunneigarar er utrygge for kva som kan skje om dei finn eit fornminne på eigedomen. Det gjer at mange lar vere å fortelje vidare om ting dei finn, seier Marit Kaupang Aspaas, gardbrukar på Kaupang Nordre i Larvik og styremedlem i foreininga Fredet.

Ho meiner grunnen er at styresmaktene formulerer seg uklart om kven som må betale for arkeologiske undersøkingar, og at arkeologar og bønder lever i kvar si verd.

— Sjølv driv eg med poteter kring restane av Noregs første by. Frå fylkesarkeologane og Riksantikvaren høyrer eg stort sett ikkje eit pip, anna enn når dei vil leggje band på gardsdrifta, held Kaupang Aspaas fram.

Kjende seg stempla

Ein bonde frå Nordhordland som BT har vore i kontakt med, kan stadfeste uvissa som rår.

— Dei siste eg vil seie det til om eg finn ein spydspiss, er arkeologar. Garden min ligg på eit førkristent gravfelt, og nyleg skulle eg grave opp noko grus. Då blei det slått alarm og sett i gong full undersøking av grusen. Det var med naud og neppe eg slapp å betale. Eg kjende det som eg hamna i fengsel, seier bonden, som vil vere anonym.

— Eg veit i alle fall om ein som har funne fornminne på eigedomen, men latt vere å melde frå av frykt for konsekvensane, legg han til.

- Øydeleggjande myte

Forskar Søren Diinhoff ved Bergen Museum kjenner godt til problemstillinga.

— Det er ein utbreidd myte at bønder må betale for utgravingar om dei kjem over eit fornminne ute på jordet sitt. Sanninga er at det ikkje kostar dei eit øre, og me har beredskap til å gjere undersøkingar raskt unna, seier Diinhoff.

Han fortel at det i Hordaland og Sogn og Fjordane berre kvart femte år kjem inn meldingar utanfrå om arkeologiske funn. Tipstørken har å gjere med uvissa kring kulturminnelova.

— Dette er veldig ergeleg. Me veit at mange av dei mest interessante fornminna finst nett der det i dag blir driven jordbruk. Det er òg slik at når det kjem til stykket, er dei fleste bønder utruleg interesserte i å få vite meir om forhistoria til garden sine, held Diinhoff fram.

— Kva med trugsmålet om vern?

— Det vil så godt som aldri vere aktuelt. Det må vere om det blir gjort eit funn av typen Osebergskipet, svarar forskaren.

Saknar grunneigarretten

Gamle kulturminne i Noreg er strengt verna av kulturminnelova.

— Problemet er at denne lova ikkje seier noko om rettane til oss grunneigarar, fortel Marit Kaupang Aspaas og held fram:

— I fjor kom det i det minste eit rundskriv om at staten dekkjer utgiftene til arkeologiske undersøkingar ved mindre private tiltak. Men me bønder kan både grøfte og pløye utan at det blir definert som eit anten større eller mindre privat tiltak. Her er framleis mykje uklart, og reglane blir tolka ulikt frå fylke til fylke. Skal me bønder kjenne oss trygge, må Riksantikvaren sei klinkande klart at ein bonde ikkje risikerer å betale om det kjem fram kulturminne av jorda.

Korleis meiner du kulturminna kan bli best ivaretatt? Sei di mening under!