Jan Helge Andersen aksepterte dommen i byretten for voldtekt og forsettlig drap på den ene av de to småjentene. Han anket over straffeutmålingen på 17 års ubetinget fengsel. Anken var fånyttes. Lagmannsretten skjerpet straffen fra 17 til 19 år.

Viggo Kristiansen ble dømt for to voldtekter og to overlagte drap. Straffen ble 21 år i forvaring. Etter 21 år kan spørsmålet om ytterligere forvaring tas opp til behandling.

Mye tyder på at Baneheiasaken ender i Høyesterett, ikke minst fordi det var dissens i lagmannsretten ved straffeutmålingen. To av de tre juridiske dommerne kom i mindretall og stemte for 17 år, samme straff som i byretten. Det er i seg selv et argument for å få prøvd saken i Høyesterett. Manglende rettspraksis på området kan også åpne for en behandling ved rikets høyeste domstol.

Om Viggo Kristiansens rolle i barnedrapene skriver lagmannsretten at voldtektene og drapene skjedde på en opprørende og brutal måte, og at drapene bar preg av ren henrettensel.

”Drap på born under slike omstende er uvanleg hjartelause og fråstøytande handlingar. Viggo Kristiansen har ved handlingane bore seg åt på ein målmedviten måte, og har vist eit fast forsett like frå han lokka jentene opp i skogen med å seie at dei skulle leite etter ein katt med kattunga.

Ved fastsetjinga av straff for Viggo Kristiansen legg lagmannsretten til grunn at han har vore initiativtakar, pådrivar og hovudmann ved utføringa av dei forferdelege handlingane som domfellinga gjeld.

Som byretten har nemnt i sin dom, er det ikkje mogeleg å tenkje seg den frykt og dei lidingar som dei to jentene gjekk gjennom før dei til slutt døydde.

Viggo Kristiansen har ved handlingane i Baneheia vist ein fullstendig mangel på innleving i situasjonen for andre menneske. Han har gjort seg skuldig i valdtekter og drap under slike omstende at det ut frå allmennpreventive omsyn tvillaust må reagerast med den strengaste straffa i lova.”, skriver lagmannsretten.

I forbindelse med spørsmålet om forvaring skriver retten:

Dei sakkunnige har i tilleggsfråsegna understreka at Viggo Kristiansen etter deira oppfatning har eit alvorleg personlegdomsavvik. Dei sakkunnige har forklara seg ved ankeforhandlinga. Dei har halde fast ved vurderingane i dei skriftlege fråsegnene, og har halde fram at dei etter at skuldspørsmålet er avgjort mot Viggo Kristiansen er visse på at han har eit personlegdoms-avvik som nemnt. Med større visse kan dei no òg oppfatte han å ha pedofile tendensar, noko som heng saman med dei umogne trekka hans.

Dei sakkunnige har halde fram at Viggo Kristiansen har ein mangel på sjølvinnsikt som kan vere til hinder for at behandling vil betre tilstanden hans. Det er ikkje visst at ei behandling jamvel over lang tid vil kunne føre til endring. Dei sakkunnige meiner det er nærliggjande fare for nye seksualbrotsverk eller valdshandlingar eller ein kombinasjon av desse i framtida.

Med bakgrunn i dei handlingane som Viggo Kristiansen blir dømd for, og ut frå det dei sakkunnige har halde fram om det alvorlege personlegdomsavviket hans, er lagmannsretten komen til at ei tidsavgrensa straff ikkje kan reknast tilstrekkeleg til å verne samfunnet. Ein nemner at det ved forvaring er heimel i lova for å forlengje tidsramma for forvaringa ved dom, og spørsmålet om den dømde skal setjast fri på prøve før tida er ute, vil ved forvaring avgjerast av domstolane dersom påtalemakta og kriminalomsorga ikkje er samde,

I lagmannsrettens premisser heter det blant annet om straffeutmålingen mot Andersen.

”Som nemnt tidlegare byggjer lagmannsretten på at Viggo Kristiansen har vore pådrivar og hovudmann bak ugjerningane i Baneheia. Ved straffutmålinga for Jan Helge Andersen må det leggjast vekt på at hans medverking må reknast å ha vore ein avgjerande føresetnad for at Viggo Kristiansen kunne forgripe seg på dei to mindreårige jentene slik han gjorde.

Jamvel om han ikkje kunne vite kva tankar Viggo Kristiansen hadde då borna blei lokka opp i skogen, måtte Jan Helge Andersen i det minste då Viggo Kristiansen tok fram kniven. ... I denne situasjonen valde Jan Helge Andersen passivitet i staden for å gripe inn i hendingsgangen.

Lagmannsretten er av den meining at dei alvorlege handlingane Jan Helge Andersen er dømd for, i utgangspunktet kvalifiserer for fengsel i 21 år. Valdtekt og drap på born slik det her har skjedd, er så alvorleg at dei allmennpreventive omsyna med tyngd talar for ein slik reaksjon. Tap av born under så tragiske omstende er òg ei overlag treumatisk påkjenning for foreldra, og vil ha langvarige konsekvensar for dei. Ved straffutmålinga er det likevel omstende som kan tale for å gå noko under maksimumsstraffa.

Lagmannsretten nemner fyrst at ein ikkje kan sjå at det er nemnande grunn til å redusere straffa med den grunngjevinga at Jan Helge Andersen skulle ha handla under tvang eller overhengande fare. Det viktigaste momentet som dreg straffa noko ned under maksimumsstraffa, er det omstendet at Jan Helge Andersen vedgjekk valdtektene og drapa etter at han var pågripen 13. september 2000. Han medverka dermed avgjerande til ei oppklaring av saka, og til at hovudmannen Viggo Kristiansen blir dømd.

Fleirtalet, lagdomar Berg og lagrettemedlemene Berit Nilsen, Kåre Nilsen og Åsmund Næss, har kome til at det blir lagt tilstrekkeleg vekt på dei straffminkande momenta ved å setje straffa til fengsel i 19 år, og røystar for det. Fleirtalet vil nemne at tilståinga kom fyrst fire månader etter drapet, og etter at Jan Helge Andersen hadde fått vite at det var funne biologiske bevis i saka. Tilståinga som galdt hans eige seksuelle overgrep, kom endå seinare på hausten. I fleire avhøyr utover sommaren 2000 hadde Jan Helge Andersen nekta for å ha hatt noko med barnedrapa å gjere.

Mindretalet, fyrstelagmann Nes Hansen, lagdomar Holth og lagrettemedlem Rita Johnsen, har kome til at det ikkje er eit openbert mishøve mellom dei strafflagde handlingane og ei straff på fengsel i 17 år som fastsett av byretten, og røystar difor for å forkaste både anken frå påtalemakta og anken frå Jan Helge Andersen. Mindretalet legg vekt på at den tilståinga Jan Helge Andersen kom med etter pågripinga, og som han på eit punkt nær har halde fast på seinare, har hatt så mykje å seie for oppklaringa av saka at det må kome klart til uttrykk i straffutmålinga. Utan forklaringa frå Jan Helge Andersen hadde det snautt vore fellande bevis for å døme hovudmannen Viggo Kristiansen. Dei etterlatne og samfunnet har gjennom hans forklaring fått vite kva som i hovudtrekk skjedde i Baneheia om kvelden 19. mai 2000.”.