— Vi må fokusere mykje tydelegare enn vi har gjort både på ansvaret vi har og kva som er politikken vår. Det ligg ei stor utfordring for oss i å knekke «samarbeidskoden» og få fram kvifor det er viktige at SV er med i regjeringa, seier Kristin Halvorsen nå.

På den eine sida vil ho gjerne skryte av dei «sigrane» SV oppnår i regjering. Og ho åtvarar mot tendensar til å framstille delsigrar som nederlag. Reiarskatten er eit døme på det siste.

Samstundes vil ho at SV blir endå tydelegare på å vise kva som er SV sine primærstandpunkt.

Konfliktsakene fram i lyset

— Vi har ikkje greidd å få opp og fram dei konfliktsakene som skil oss. Vi er best på miljø. Her er det også størst forskjell mellom dei tre regjeringspartia.

— Vi har ei utfordring her. Vi må synleggjere at vi ikkje er hundsa og på defensiven, sa Halvorsen.

Dette betyr at SV ikkje vil vike tilbake for å eksponere kva standpunkt dei to andre regjeringspartia har i konfliktsaker. Det kan i neste omgang innebere hardare konfrontasjonar mellom regjeringspartia.

I går slo Halvorsen fast at utan SV i regjering hadde Ap bygd så mange gasskraftverk som råd var, utan reinsing. Og Stoltenberg hadde ikkje snakka om noko «månelandingsprosjekt» for reinsing av gasskraftverk på Mongstad.

Vil ta veljarar frå Ap

Halvorsen påpeikar at regjeringspartia samla sett har gjort eit betre val enn nokon regjeringskonstellasjon har gjort ved eit mellomval dei siste 20 åra med ein samla tilbakegang på 2,9 prosent.

— Vi har tatt støyten i eit regjeringsprosjekt som har oppsiktsvekkjande god oppslutning mellom veljarane, kunngjorde Halvorsen for landsstyret i går.

Halvorsen framhevar at dei veljarane SV tapte ved siste val i hovudsak har gått til Ap eller til «sofaen». Partileiaren vil gjennom eit storstila mobiliseringsprosjekt få desse tapte veljarane til å røyste SV ved neste val.

Halvorsen argumenterer med at det er betre at SV gjorde eit dårleg val nå enn eit halvgodt:

— For då hadde vi kanskje ikkje sett faresignala og lagt om. Nå skal vi satse på skolering og prioritering av eigne saker.

Konfrontasjonsline

Nestleiar Audun Lysbakken seier det slik:

— Vi har gjort dårlege val før og alltid reist oss. Men det kjem ikkje av seg sjølv. Vi må gje dei radikale veljarane i landet ein god grunn til å stemme SV - alle dei som nå har stemt på Ap.

— Mange av veljarane på venstresida hadde ikkje god nok grunn til å stemme på oss nå. Vi skal ha ein tydeleg eigen politisk plattform framfor valet i 2009 slik at folk ser at det er ein god grunn til å stemme på oss og ikkje på Ap, seier Lysbakken.

Stortingsrepresentant Heikki Holmås fastslår at det er ei stor utfordring for SV å unngå å bli oppfatta som lik dei andre regjeringspartia. Han åtvara mot at SV skal framstå som «softe sosialdemokratar». Han åtvara samstundes mot at SV tek til å opptre som «systemtru sosialdemokratar» ved å forsvare alt som kjem frå regjeringa.

Finansminister Halvorsen kom med ei aldri så lita avsløring i går: Statsbudsjettet som blir framlagt fredag 5. oktober, vil ikkje bli prega av SV sin «nye kurs». Føringane for budsjettet vart lagt allereie i mars. Difor må ein vente eitt år til for å sjå om SV maktar å endre kursen på viktige felt.

OPPGJER: Kristin Halvorsen tok i går eit oppgjer med det ho omtala som «privatpraktiserande» SV'arar som flyg rundt med synspunkt dei kan halde for seg sjølv.
SCANPIX