ØYVIND LEFDAL EIDSVIK

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete skjerpar språkreglane for dei statlege aksjeselskapa som ligg under Samferdsledepartementet. Dermed må blant anna Posten og NSB no lage plakatar, brosjyrar og internettsider på nynorsk — slik dei måtte gjere før dei tidlegare institusjonane vart skilt ut som statlege selskap.

— Dette er eit ønskje om å gje nynorskbrukarane eit tilbod. Etter at dei statlege institusjonane vart statlege aksjeselskap, har dei hatt meir romslege rammer. Dei har ikkje alltid vore like flinke til å følge opp språkpolitikken, seier Navarsete.

Kanskje Noregs statsbaner

Det innrømmer også informasjonssjef Eivind Rossen i Posten Norge.

— Vi har vore for dårlege på brosjyrar på nynorsk. Men det er lenge sidan vi vedtok at vi skulle følgje mållova. Det har vi stort sett gjort, seier Rossen, som meiner det er uproblematisk å følgje opp kva posteigar Navarsete har innført.

Hos NSB vil togpassasjerane etter kvart merke rutetabellar på nynorsk. Men om billettane får ny målform, har ikkje selskapet bestemt. Ei heller om NSB blir til Noregs statsbaner i nynorsktrakter.

Hos Noregs Mållag tar leiar Hege Myklebust godt imot dei nye krava frå samferdsleministeren.

— Dette har vi ønska tilbake i mange år. Etter at dei statlege institusjonane vart delprivatiserte, vart det fritt fram for språkval. Vi er glade for at Navarsete bringer tilbake språkkrava, seier Myklebust.

Krav også til andre

Ho ønskjer likevel at brosjyrar på begge målføre kjem til heile landet, og ikkje berre nynorskkommunane. Ifølgje Statistisk sentralbyrå har 115 av landets 433 kommunar vedteke nynorsk som målform.

No håpar samferdsleministaren å bryte veg for at også andre statlege selskap må bruke begge målføre. Til hausten kjem Kulturdepartementet med ei ny stortingsmelding om språkpolitikk, der dette kan bli stilt som krav.

— No har vi gått føre. Eg håpar andre statsbedrifter kjem etter, seier Navarsete.

NYNORSKMINISTER: Liv Signe Navarsete ønskjer at nynorskbrukarar igjen skal få informasjon på sitt eige mål. No håpar ho andre kjem etter.