Alle opposisjonspartia gjev uttrykk for at Norman har sterkt svekka autoritet og sviktande tillit. Det kjem både av dei opphavlege sakene om representasjon og pengebruk, og flyreisesaka.

— Vi har med ein statsråd å gjere, som har gjort det til eit varemerke at det ikkje skal vere samsvar mellom liv og lære, seier Frp-formann Carl I. Hagen.

Klarare underkjenning av ein statsråd sin posisjon er det vanskeleg å tenkje seg, utan at det kjem eit konkret mistillitsframlegg mot han.

Kontrollkomiteen ventar på svar frå Bondevik på spørsmåla som vart stilt førre tysdag. Komiteen er lova svar i morgon. I går sat settestatsråd Lars Sponheim og førebudde svaret for Bondevik.

Komiteen har stilt spørsmål om regelverket for servering og representasjon som gjeld for statsrådar.

Bak ryggen

Men komiteen har førebels ikkje stilt spørsmål ved det som mange oppfattar som det alvorlegaste forholdet i Norman-saka: At han gjekk rundt eller bak ryggen på departementsråden etter å ha fått avslag på ynskjene sine om piano og stereoanlegg.

— Det er klart at dette er yttarst alvorleg, seier jussprofessor Eivind Smith til Bergens Tidende. Han er spesialist på forvaltningsrett ved Universitetet i Oslo.

Fleire parti gjev overfor Bergens Tidende uttrykk for at det i høgste grad er aktuelt å ta opp desse spørsmåla i ein ny runde, etter at dei har fått svaret frå Bondevik.

— Også saka om dei såkalla representasjonsutgiftene er sjølvsagt svært alvorleg. Det gjeld særleg for ein statsråd som er sett til å passe på at alle andre fylgjer regelverket, seier Smith.

Bondevik markerte tydeleg kva han meiner om regelverket for representasjonsutgifter gjennom den pressemeldinga han sende ut om saka 5. november.

Ikkje sett maken

Av pressemeldinga går det fram at Norman same dag var på teppet hjå Bondevik og fekk beskjed om at regelverket skal fylgjast. Norman hadde samstundes sagt seg lei for at det i visse tilfelle ikkje hadde skjedd.

Ei klarare og meir direkte irettesetting av ein statsråd frå ein statsminister er det ingen som kan hugse å ha sett.

I morgon vil Kontrollkomiteen også stille spørsmål om flysaka, etter framlegg frå Carl I. Hagen. Det skjer på grunnlag av presseoppslag om at Norman nærmast konsekvent reiser med SAS medan han har pålagt alle andre statstilsette å kjøpe billigbillettar frå Norwegian.

I går ynskte nokre representantar å utsetje denne saka utan å ta stilling til framlegget over bordet.

— Statsråd Norman har her gått høgt på banen og sagt at staten skal spare millionar på avtalen som han har inngått med Norwegian. Han har eit forklaringsproblem etter at det har kome fram at han sjølv nesten utelukkande reiser med SAS, seier Hagen.

— Det er ikkje særleg tillitvekkjande å bryte med instruksar han sjølv har gjeve. Han gjev feil signal, seier komiteleiar Ågot Valle (SV).

TIL ANGREP PÅ NORMAN: FrP-leiar Carl I. Hagen og leiar i stortingets kontroll- og konstitusjonskomite Ågot Valle (SV) etter møtet i går. Opposisjonspolitikarane intensiverer jakta på statsråd Victor D. Norman.