Toget går frå Bergen fredagar ved 16.30-tida og returnerar frå Ål sundagar. Toget trillar inn på Bergen stasjon ved 19-tida på sundagskvelden.

– Bakgrunnen er at dei aktuelle regiontoga hadde meir enn 100 prosent belegg på delar av denne strekninga i helgetrafikken i fjor, fortel Jan Egil Brunborg i NSB.

Toget går i perioden mellom nyttår og påske, frå 12. januar til og med helga før palmesundag.

– Kva materiell skal brukast?

– Det er ikkje heilt avklart. Vi satsar på B5-vogner, dei nest nyaste som har gått i dagtoget, men det kan også vera aktuelt å låna eit av setta til Flåmsbana. Dei brukar berre eitt sett sjølve om vinteren.

NSB hadde i sommar eit vellykka togtilbod mellom Bergen og Ål i fem veker, til glede for passasjerar til og frå Flåmsbana og syklistar på Rallarvegen. No er det skiglade og hyttefolk som får merksemd.