Etter opning av Lærdalstunnelen er Bergens-området vorte eit viktig marked for begge dei to alpinanlegga i fjellområda like aust for fylkesgrensa mot Sogn og Fjordane. Både Hemsedal Skisenter og Filefjell Skiheisar har difor i haust intensivert marknadsføringa mot Bergens-området.

Det er brukt ti millionar framfor denne sesongen på utbygging for å gjera anlegget endå meir snøsikkert i Hemsedal. I tillegg er det bygd ein «uværsheis» og ny barneheis i Hemsedal, skriv avisa Hallingdølen.

Skiheisane på Filefjell har også ei god nyheit foran denne sesongen; Reopning av Nystuen høgfjellshotell berre eit par kilometer frå heisanlegget. Hotellet har vore stengt i fem år.

Hemsedal Skisenter hadde sist vinter sin desidert beste og lengste sesong, med ei omsetning nær 100 millionar kroner, og eit resultat før skatt på 13 millionar.