Lene Notland (23) frå Stord heldt på med designstudier, medan Gunhild Rotvik (24) frå Lepsøy heldt på med musikkteaterutdanning.

Men på grunn av det dei opplevde etter at to av fire i studentkollektivet i Oslo vart alvorleg sjuke med ME, har dei kasta om på framtidsplanane.

I september reiser Lene og Gunhild til England for å studere eit år ved The Phil Parker Training Institute i London.

Dei blir ikkje dei einaste. Alt i alt betalar tretti nordmenn 65.000 kroner kvar for å utdanne seg til Lightning process-instruktørar i vinter.

— Vi har opplevd ME på nært hald, og unner ingen å leve med denne diagnosen. Vi har sett at denne metoden fungerer. Derfor har vi lyst til å lære å hjelpe andre, seier Gunhild og Lene.

Les også: Bente ut av rullestolen på tre dagar

Nådde ikkje grønt lys

For få år sidan budde dei i det som etter kvart utvikla seg til landets stillaste studentkollektiv. Det begynte som ein influensa hos Gunhild og ei av dei andre jentene, Birgitte Hjellum (22) frå Bergen, oppunder jul i 2006.

Ingen av jentene kom seg. Tvert om var virusinfeksjonen truleg årsak til ein langvarig utmattingstilstand, som stadig vart verre. Dei tidlegare så travle jentene var totalt tappa for krefter. Å løfte ei skei kunne følast som å løfte hundre kilo.

— Eg følte meg som ein åttiåring, seier Gunhild, som fekk diagnosen ME eit halvt år seinare.

— Legen sa at ho ikkje kunne gjere meir for meg. Alle framtidsplanar raste saman, men det verste var at eg ikkje ante noko: Skulle denne tilstanden vare livet ut? Det var tungt å takle.

I rullestol

Gunhild kom seg til slutt på beina ved hjelp av metoden Reverse Therapy, som tanta hadde lese om i VG. Birgitte, derimot, vart berre dårlegare.

— Vi måtte ta veldig omsyn. Når ho låg, kunne vi ikkje ein gong ta ut av oppvaskmaskina på grunn av dei skarpe lydane, fortel Lene.

Birgitte måtte flytte heim til Bergen. Dei fem siste månadene låg ho til sengs.

— Eg låg berre heime med øyreproppar. Eg var heilt isolert, fortel Birgitte.

I desember i fjor drog ho til London for å ta lynkurset Lightning process. Venninnene Lene og Gunhild besøkte henne like før avreise.

— Ho berre låg der. Å møte henne igjen etter kurset var litt av ein kontrast, fortel Gunhild.

- Har fått livet tilbake

Rullestolen var vekke. Birgitte kom springande mot henne, og kasta seg rundt halsen til Gunhild.

— Kvar dag tenkjer eg: Tenk at eg er frisk! Eg har fått livet tilbake, seier Birgitte, som merka forandring alt den første kursdagen.

— Dag to gjekk eg på restaurant, dag tre sprang eg. To veker seinare sykla eg to mil i ekte bergensk pøsregn! Men sjølv om det er mogleg å bli heilt frisk etter tre dagar, er ME ein alvorleg sjukdom, og det er ein jobb å gjere.

Å oppleve denne forandringa gjorde inntrykk på Lene og Gunhild.

— Å sjå Birgitte nærmast reise seg frå lam til levande var ei sterk oppleving, seier Lene.

— Eg skjønnar at folk blir skeptiske. Men for meg er dette ein enkel og logisk teknikk, som eg ser fungerer for så å seie alle, seier Birgitte, som no går på sjukepleiarutdanning i Oslo.

Livet har tatt ny retning for alle tre.

— Trur de verkeleg at de kan lære å hjelpe ME-pasientar til å bli friske på tre dagar?

— Ja. Etter å ha sett kva som skjedde med Birgitte, så gjer vi det, seier Lene og Gunhild.

Har du noen erfaring med ME? Legg inn dine kommentarer under!

Høvik, Tor