• Ap si framferd kan fort bli ein bumerang for Stoltenberg.

— Det var på tide at regjeringa sette foten ned. - Ap har opptrådt pinleg ved å springe frå sitt eige program. Dette er eit knippe utsegner frå tre tidlegare statsministrar som Bergens Tidende snakka med i går kveld etter Bondevik-regjeringa sitt fall.¿¿

- Reagerer sterkt mot spelet -Det er sterkt beklageleg at regjeringa går. Det er også all grunn til å reagere mot det spelet som har skjedd på Stortinget. Det gjev ikkje gode signal for det politiske samarbeidet framover. Slik reagerer tidlegare statsminister Lars Korvald (Kr.F) når Bergens Tidende bed om hans kommentarar til Bondevik-regjeringa sitt fall. Korvald var statsminister 1972-73, etter at folket sa nei til EEC (EU) i 1972 og Trygve Bratteli kasta korta. Om Arbeidarpartiet si framferd har han dette å seie: -Jagland kasta korta. Det hadde han ingen grunn til. . Han kunne ha sete og regjert i heile den perioden som har gått. Ap har tydelegvis angra seg og har mislikt å vere ute av regjeringskontora. Nå såg Ap ein sjanse til å kome tilbake, og nytta høvet, seier Korvald.

-På tide å sette foten ned -Regjeringa har for lenge vore for ettergivande. Det var på tide at regjeringa sette foten ned. Regjeringa har nok hatt ei kjensle av at opposisjonen hadde sett opp ei snare som skulle strammast til. Dette seier tidlegare statsminister Per Borten (Sp) til Bergens Tidende. Han var statsminister 1965-71. Borten er ikkje i tvil om at Ap primært har vore på regjeringsjakt nå. -Men det er ikkje opplagt at dette vil vere så lettkjøpt og enkelt for Stoltenberg som han kanskje trur. Det kan fort ende med at han får det tilbake som ein bumerang og bli tvinga inn på løysingar som han ikkje har øygna hittil. -Eg trur ikkje det som nå har skjedd vil verke til å auke tilliten til politikarane i opinionen, seier Borten.

-Ynskjer brei koalisjon -Eg vil ikkje ha sagt noko om kor rett eller fornufting dei ulike aktørane har opptrådt. Om politikken kan ein seie som det er i livet elles at ein aldri sjølv kan velge sin eigen fødsel og knapt velge sin eigen død. Denne reaksjonen gjev Odvar Nordli (Ap) til Bergens Tidende. Han var statsminister 1976-81. -Den politiske situasjonen er på ingen måte avklart, og den parlamentariske situasjonen er på kort sikt endå meir uryddig enn tidlegare. Det er altfor tidleg å seie kva utgangen på dette blir. Det er slett ikkje visst at utgangen på dette blir ei Ap-regjering. -Sjølv skulle eg ynskje at ein nå sette seg ned på Stortinget for å finne fram til ein breiast mogeleg regjeringskonstellasjon, seier Nordli.

-Pinleg av Ap -Med Arbeidarpartiet sine programformuleringar om at energiforsyninga i Noreg skal baserast på fornybar energi, er standpunktet nå direkte pinleg. Dette seier tidlegare statsminister Kåre Willoch (H) til Bergens Tidende. Han har statsminister 1981-86. Det er ille og direkte øydeleggande for tilliten til politikarane at ein vedtek eit valprogram som skal gjelde for ein stortingsperiode for så å sette strek over det ved første korsveg. Når urovekkande at ei valprogram berre gjeld for valkampen og at ein ikkje held lovnadane om at det skal gjelde for valperioden. Kva tillit kan opinionen då ha til politikarane? Willoch gjer det klart at dette gjeld Ap. Hans eige parti, Høgre, har stått for det dei har programfesta i gasskraftsaka. Willoch er for sin del svært usikker på om dei forureinande gasskraftverka vil bli bygde, først og fremst avdi dei ikkje vil bli lønsame.