— Eg trur ikkje dette er eit kjempeproblem i eit gjennomsiktig samfunn som vårt. Eg vil tru at dei som representerer staten i forhandlingar veit kven dei har på andre sida av bordet. Og det kan neppe kallast eit stort minus at industrien er kjent med kva Forsvaret er ute etter, slik at løysingane blir skreddarsydde, seier Jan Fridthjof Bernt, jussprofessor ved Universitetet i Bergen.Samtidig ser han at tette bindingar mellom tidlegare kollegar kan skape vanskar.

— Men dette ser eg først og fremst på som eit leiingsproblem for det offentlege. Eg trur ikkje det lar seg løyse med enkle firkanta reglar, seier Bernt.

Også Henning Jakhelln, professor i arbeidsrett ved Universitetet i Oslo, er lettare skeptisk.

— Å binde opp framtida til folk er nokså problematisk. I utgangspunktet må folk få lov til å gjere kva dei vil når dei har gått av med pensjon, seier Jakhelln.Han meiner eit regelverk i tilfelle må vere svært godt gjennomtenkt.

— Problema kan i like stor grad gjelde kommunalt tilsette. Og kva med dei som arbeider i ei statsbedrift som Statoil? seier Jakhelln.