JOHN LINDEBOTTEN

Stortingsrepresentant Ingebrigt Sørfonn, KrF, er sterkt i tvil. No stiller han dette spørsmålet til samferdsleminister Torild Skogsholm, og han ber om skriftleg svar.

Det er Fjord 1 sitt ferjeopplegg for Halhjem-Sandvikvåg Sørfonn er skeptisk til. På strekninga skal selskapet setja inn tre ferjer. Den eine er overbygd og har plass til 198 bilar.

Det er greitt.

Men Sørfonn, og mange med han, tvilar på om dei to andre ferjene, med plass til 148 bilar, gjev eit godt nok tilbod til dei reisande når dei vert sette inn i trafikk frå 1. januar 2007. Sørfonn spør difor samferdsleministeren om kva garantiar som kan gjevast for at ferjekapasiteten på Halhjem-Sandvikvåg er godt nok i dei 10 åra Fjord 1 har konsesjon.

Vidare spør han om det er dokumentert at tryggleiken på ferjene er god nok.

Det tredje spørsmålet gjeld dei to minste ferjene. Er det sant at dei har opne bildekk? Og korleis skal ein då sikra at bilane ikkje vert oversprøyta av salt sjøvatn på denne vêrharde strekninga?

Samarbeidsrådet for Sunnhordland har for lengst lufta sin skepsis til Fjord 1 sitt ferjetilbod, og har også bede om nærare forklaring frå samferdsleministeren.

Administrerande direktør Olav Smørdal i Fjord 1 har sagt til BT at han er klar på kort varsel til å gje både sunnhordlendingar og bergensarar dei opplysningar dei måtte ønskje om dei ny ferjene.