Opposisjonen på Stortinget står samla om at dette framlegget er den viktigaste hindringa for å skape eit breitt forlik om pensjonsreforma.

— Ei reversering av framlegget er døra som må opnast for at det i det heile skal bli forhandlingar om eit pensjonsforlik, seier Venstre-leiar, Lars Sponheim.

Tidlegare finansminister Per-Kristian Foss (H) opplyser at han fekk det same framlegget frå embetsverket i si tid som finansminister. Foss avviste framlegget.

Den som nå frontar framlegget er i første rekke statssekretær i Finansdepartementet Geir Axelsen. Representantar for dei tidlegare regjeringspartia har notert seg med interesse at finansminister Kristin Halvorsen, har «kjøpt» dette framlegget som kom frå byråkratiet. Bergens Tidende er også kjent med at dette er tankar som også gjer seg gjeldande i SV.

Motstridande

Det pågår nå forhandlingar mellom regjeringssida og opposisjonen med sikte på å oppnå eit breitt pensjonsforlik. Etter det Bergens Tidende får opplyst har statsminister Jens Stoltenberg signalisert at han er innstilt på å finne ei løysing som inneber at det framleis blir frådragsrett for innskot til individuelle pensjonsordningar.

Det same har statssekretær Jan Erik Støstad (Ap) i Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjort.

Men onsdag slo statssekretær Geir Axelsen kontra. Han argumenterte sterkt for å stå på framlegget om å avskaffe skattefordelane ved innskot til individuelle pensjonstrygdingar.

Sviktande kommunikasjon

Desse motstridande utspela har fått opposisjonen til å spekulere på om det er mangelfull kommunikasjon mellom dei to departementa og om finansministeren ikkje er orientert om kva statsministeren har signalisert til opposisjonen.

SV-representantane Heikki Holmås og Magnar Lund Bergo i finanskomiteen, argumenterer sterkt for framlegget frå regjeringa. Dei seier det har svært gode fordelingsmessige verknader.

Finanspolitikarar i Arbeidarpartiet er ikkje fullt så ivrige. Dei snakkar i staden om at ein må sjå alle framlegga under eitt: skatt og pensjonsreform.

Vidareføring av ordninga med skattefritak for innskot til individuelle pensjonsordningar vil føre til eit inntektsbortfall på om lag 480 millionar kroner i statsbudsjettet.