Det er regjeringa sitt framlegg om å avskaffe skattefritaket for tenesteboligar for personellet ved norske utanriksstasjonar, som har skapt problema.

Framlegget vil innebere ei skatteskjerping i form av ekstraskatt på fleire titusenar av kroner i året for tilsette ved norske utanriksstasjonar. Finansdepartementet reknar med at dette vil innebere 25 millionar kroner i ekstra skatteinntekter.

— Dette framlegget kom som ly frå klar himmel, seier Roald Næss til Bergens Tidende. Han er nestleiar i Norsk Tenestemannslag si avdeling i Utanriksdepartementet.

Så seint som tysdag i denne veka fekk BT melding om at vi fredag skulle få tilgang til listene over ambassadørstillingar og andre utestillingar som ville bli ledige i løpet av neste år.

Kontrabeskjed

I går kom kontrabeskjeden: Heile prosessen er utsett på ubestemt tid og inntil det ligg føre ei avklaring i skattesaka.

Når det kan skje, er heilt uvisst.

— Fagforeiningane i UD har bede om at denne prosessen blir utsett til vi har ei avklaring slik at ein veit kva ein har å halde seg til, opplyser ekspedisjonssjef Anne Lund i UD til Bergens Tidende.

Lund opplyser at skattesaka vart omtale i budsjettdokumenta som vart sirkulert i august men at saka ikkje er lagt fram som særskilt sak for UD.

UD reagerte ikkje på innhaldet og forklarar at ein ikkje oppdaga kva som stod i dokumenta.

— Det var ikkje så lett å finne dette i dokumenta, seier Lund.

Ho seier nå at UD er i «god dialog» med Finansdepartementet om saka og vonar at dei skal finne ei løysing som dei tilsette i UD kan akseptere.

— Ei løysing kan vere at det blir gjeve full kompensasjon eller at dei UD-tilsette får unntak, seier Lund.

I Stortinget

Framlegget ligg nå i Stortinget. Ei løysing kan vere at regjeringa trekkjer framlegget tilbake eller at det blir fremja ein tilleggsproposisjon.

Bakgrunnen for endringsframlegget er ein høgsterettsdom frå februar i år. Der blir det slege fast at utestasjonerte med fri bolig må stillast likt skattemessig uavhengig av om dei arbeider i privat eller offentleg verksemd.