• Høgare bompengar - Færre og dyrare parkeringsplassar - Kraftig satsing på kollektivtrafikken

Slik skal kollektivtrafikken ta marknadsandelar, går det fram av Nasjonal Transportplan 2006-2015. Planen vart framlagt i går. Planen slår fast at det er fullt mogeleg å auke kollektivtransporten sine marknadsprosentar. Det er berre eit spørsmål om å ta i bruk tilstrekkeleg sterke verkemiddel. Tiltaka vil gjelde alle dei største byane.

Stoppe veksten

Ei byutgreiing for Oslo og Akershus reknar med ein vekst i biltrafikken på heile 20 prosent frå 2001 til 2015 dersom ein ikkje endrar verkemiddelbruken overfor bilbruken.

Dersom ein derimot tek i bruk ei rad verkemiddel, kan ein oppnå tilnærma nullvekst i biltrafikken. Å få til ein overgang frå privat til kollektiv transport og ei overføring frå veg til bane og vatn, var også den oppgåva samferdsleetatane fekk av Samferdsledepartementet då arbeidet med transportplanen starta. Omsynet til rask og effektiv transport for næringslivet, er også eit vesentleg moment, både for å grunngje dei utbyggingane det blir gjort framlegg om, og for å frigjere transportkapasitet.

Mellom dei verkemiddela ein nå vil ta i bruk, er sterk auke i bompengetakstane i rush-tida i storbyane, såkalla «vegprising».

Mykje dyrare å parkere

Eit anna viktig tiltak er nye parkeringsrestriksjonar. Det kan bli mykje dyrare å parkere, og det kan bli langt færre parkeringsplassar. Planen skisserer også tiltak overfor private parkeringsplassar som i dag er ein «fristad» for privat bilbruk. Her vil ein ha tettare samarbeid med kommunar og politi. Samstundes må tilskotet til kollektivtransporten aukast vesentleg.

Det er ein føresetnad at ein kan betre kollektivtilbodet vesentleg med fleire avgangar, betre regularitet, eventuelt i kombinasjon med lågare takstar for å få folk vekk frå bilen. Planen prioriterer avvikling av «trafikkflaskehalsar» når midlane skal fordelast. Det inneber prioritering av område der trafikken er størst og skaper mest problem for avvklinga.

Veg mot bane

Utbygging av veg står ofte i direkte motsetningsforhold til utbygging av bane. Jernbanedirektør Steinar Killi er difor krystallklår på at det er viktig av konkurransemessige årsaker at jernbaneutbygginga kjem først der det både skal byggast ny veg og ny jernbane.

Eit slikt døme er ny tunnel gjennom Ulriken. Her er det ifylgje Killi heilt avgjerande for jernbanen sin marknadsposisjon at ny jernbanetunnel kjem først.

Vegdirektør Olav Søfteland framhevar sterkt at utbygging av veg er naudsynt for å få ned ulykkestala. Samstundes gjorde han det klart at vegvedlikehaldet gjennom mange år har vore forsømt slik at ein nå har eit etterslep på heile 11 milliardar kroner.

For små rammer

Klok av skade uttrykte jernbanedirektør Steinar Killi i går at det er betre med låge rammer, som er realistiske og kan oppfyllast, enn høge rammer som er heilt urealistiske med den politiske viljen ein stadig får demonstrert. Samstundes såg han på dei rammene som nå ligg på bordet som eit botnnivå for jernbanesatsinga. Skulle jernbanen få mindre å rutte med, kan ein like godt gje opp det heile.

— Det er lagt opp til at vi skal kunne bruke 13,5 milliardar kroner til jernbane i planperioden. Vi kunne utan problem nytta det doble og fått stort samfunnsøkonomisk utbyte av det, seier Killi.

Nytt taktssystem

I planutkastet blir det gjort framlegg om å innføre eit nytt vegprissystem for å styre trafikken. Det vil innebere at trafikantane må betale «rett pris» for bruk av vegen, avhengig av tidspunktet for bruk.

Etter kvart vil taksten også avhenge av kor lang strekning ein har køyrd. Slike system vil kome i løpet av året i Bergen og i Tønsberg-distriktet. Bompengesystemet skal nyttast til å finansiere utbygging. I dag utgjer bompengeinntektene 20-30 prosent av den totale vegfinansieringa.

Planen vil ha slutt på ordninga med at lokale initiativ kan «kjøpe seg statsstøtte» for å få gjennomførd utbyggingsprosjekt. Konsekvensen av slike tiltak har vore at slike prosjekt har fått meir av kaka medan andre område er blitt skadelidande.

HØGARE BOMPENGAR: Bompengane skal aukast så det blir enda dyrare å bruke privatbilen. Her kø ved bomstasjonen i Sandviken.
ARKIVFOTO: ARNE NILSEN