32-åringen frå Tana er klinkande klar om sitt politiske mål i som sjef for fiskeridepartementet:

Innan to år skal oppdrettsnæringa, fiskeri og fiskeriindustrien gi fleire arbeidsplassar enn i dag.

Forgjengaren, Svein Ludvigsen frå Høgre, hadde auka lønsemd som mål nummer ein — så fekk heller busetjing og sysselsetjing i kystsamfunna vere ein bonus på kjøpet.

Helge Pedersen frå Arbeidarpartiet snur om på prioritetingslista:

— Den fisken som vert teken opp skal sikre sysselsetjing og busetjing langs heile kysten, seier ho.

Erfaring frå Finnmark

Pedersen hentar sine viktigaste fiskeripolitiske erfaringar frå Finnmark, der ho var fylkesordførar fram til stortingsvalet.

Frå år 2000 og fram til i dag er kvar fjerde arbeidsplass i fiskeindistrien borte, på grunn av konkursar og nedleggingar. I Vardø, som lenge var eit blomstrande fiskevær, står eit nytt og moderne fiskebruk tomt, og hus kostar mindre enn ei månadsløn for ein vanleg industriarbeidar.

Men tendensen er den same over heile landet. Under 30.000 er direkte sysselsette som fiskarar, oppdrettarar og i fiskeindustrien i dag.

Til og med oppdrettsnæringa treng færre folk, trass i at produksjonen er rundt ti gongar høgare enn for 15 år sidan.

I Måløy seier Pedersen sin partifelle, ordførar Roger B. Silden, at kommunen er i krise. Mellom 500 og 600 arbeidsplassar er borte på fem år, og nedgang i sysselsetjinga knytt til fiskeri, fiskeindustri og oppdrett må bere mykje av skulda.

Staten skal styre pengar...

Helga Pedersen og den raud-grøne regjeringa varslar at staten skal bli ein langt meir aktiv partnar i næringsutviklinga langs kysten, enn under den førre regjeringa.

Regjeringa har peika ut fisk som ei av fire næringar den vil satse på, ut frå ei oppfatning om at dette er næringer der Noreg har eit spesielt godt utgangspunkt (Dei andre næringane er skipsfart og skipsbygging, energi, miljø og reiseliv.)

Det viktigaste nye middelet blir et statleg maritimt fond, som skal yte lån og skyte inn eigenkapital i fiskeri og oppdrettsverksemd. Kor mykje pengar som skal ligge i fondet, og kva type verksemd det skal satsast på vil Pedersen inntil vidare ikkje kommentere.

...og fisk

Det andre viktige middelet regjeringa vil bruke for å nå sine politiske mål er ei kraftig innstramming i den såkalla leveringsplikta.

Historisk har den sin bakgrunn i at fiskeindustrien - først og fremst med anlegg i Nord-Noreg - fekk unntak frå kravet om at berre aktive fiskarar har lov å eige fiskebåtar. Gjenytinga for at industrien fekk eige eigne båtar var ei plikt til at fisken skulle leverast til industriverksemdene på land, for å sikre sysselsetjinga der.

Problemet, slik spesielt fiskevær som Vardø ser det, er at kontrollen med leveringsplikta har vore alt for lemfeldig og at det har vore for lett for industrien å sende fisken andre stader dersom det har lønt seg betre.

Pedersen vil både skjerpe kravet til at leveringsplikta vert oppfylt, og stimulere til at fisk som ikkje er omfatta av leveringsplikt vert levert og bearbeidd hos fiskeindustribedrifter.

— Vi skal sørgje for at dei får fisk til land, seier Pedersen.

HÅVARD BJELLAND (foto)