Dei skal og gjera eit lasteskip om til diamantfinnar på havbotnen. Oppdragsgjevar er det sørafrikanske selskapet De Beers Marine LTD.

— Diamantane gjer oppdraget litt eksotisk, seier prosjektingeniør Inge Skaar til avisa Sunnhordland.

Begge skipa skal bora etter og henta opp diamantar frå havbotnen utanfor kysten av Sør-Afrika og Namibia.