Ein nordfjording busett i Sogndal, to sunnmøringar og tre rogalendingar utgjer ekspedisjonen som ein gong i midten av juli håpar å stå 8611 meter over havet på toppen av K2.

I går forlet Rolf Bae, Trym Sæland, Cecilie Skog, Øystein Stangeland, Sigurd Felde og Per-Henry Knudsen sivilisasjonen i den pakistanske landsbyen Askole i 3070 meters høgde, og starta på den 12 dagar lange marsjen mot det som skal bli basecamp på ca 5000 meter. Med seg har dei kring 70 pakistanarar som skal hjelpe med å bere over eitt tonn mat og utstyr inn til foten av fjellet.

— Stupbratte sider over alt

— Dei var spente før dei la av garde. Det er unormalt store snømengder i området, og tidlegare i år har ekspedisjonar vore nøydde til å snu, seier pressekontakt for K2-ekspedisjonen, Bjørn Sekkesæter.

Den norske ekspedisjonen blir dermed den første som prøver seg på K2 i år.

Dersom dei lukkast, blir dei seks dei første nordmennene som når toppen av verdas nest høgaste fjell. Ingen norske ekspedisjonar har tidlegare prøvd seg på K2, som i klatremiljøet blir omtala som «fjellenes fjell».

Av alle toppar over 8000 meter blir K2 rekna som det vanskelegaste å klatre, langt vanskelegare enn langt meir berømte Mount Everest. For der Everest byr på nærast organiserte turar og godt utprøvde ruter, er K2 klatreteknisk svært krevjande og langt mindre utforska.

— På K2 er det ingen lett veg opp. Det er stupbratte sider og utfordrande passasjar over alt, seier Sekkesæter.

Frå basecamp på 5000 meter og opp til 8000 meter er det svært bratt heile vegen. Og dei siste 400 høgdemetrane til toppen er loddrette.

56 av 200 mista livet

Ikkje berre blir K2 rekna som eit av dei vanskelegaste fjella å klatre, det blir udiskutabelt rekna som det farlegaste. Etter at ein italiensk ekspedisjon nådde toppen som dei første i 1954, har i underkant av 200 personar komme seg til topps på K2. Av desse 200 mista heile 56 livet på veg ned att. Meir enn kvar fjerde som har nådd toppen, har altså omkome på den uvanleg krevjande nedstiginga. Mange ekspedisjonar har mislukkast, og ei rekkje klatrarar har mista livet i forsøk på å nå toppen.

Dei seks i ekspedisjonen er rutinerte klatrarar. Cecilie Skog var i fjor til topps på Mount Everest. Sigurd Felde frå Byrkjelo er mest kjend for å ha klatra den 1500 meter vertikale vestveggen på Kjetilsfjeld på Grønland.

Fare for snøras

— Dette er svært rutinerte og fornuftige klatrarar. Dei vil ikkje ta sjansar for å setje livet på spel, seier Sekkesæter.

— Vil dei store snømengdene gjere det ekstra risikofylt å klatre fjellet i år?

— Faren for snøras er ei ekstra utfordring. Om det også inneber ein ekstra fare for klatrarane, må dei vurdere undervegs.

Dei seks drog frå Norge i midten av mai, og skal vere tilbake i midten av august.

Planen er at ein eller fleire av dei seks skal forsøkje å nå toppen i midten av juli. Då brukar monsunvindane å skifte retning. I ein perioden på i underkant av ei veke brukar vêret då å vere så stabilt og roleg at det skal vere råd å nå toppen.