Berre i Sogn og Fjordane og Hordaland er det no lansert 15 vindkraftprosjekt. Dei mange og store vindmølleplanane har ført til sterke reaksjonar i mange kystmiljø, og etableringa av folkeaksjonen «Stopp raseringen av kysten».

Statsråden seier til Bergens Tidende at det er eit stort behov for å få til ei meir samordna planlegging av framtidas vindkraftutbygging.

— Vi treng overordna planar som analyserer konfliktane i område som er aktuelle for utbygging til vindkraft. Forholdet til naturvern og reiseliv er døme på klassiske konfliktar som må vurderast, seier Bjørnøy.

Fylkesplanar

— Når du seier at slike planar skal utarbeidast på regionalt nivå, kva legg du i det?

— Slik det er no, tenkjer eg på fylkesplanar. Men får vi større regionale einingar, bør dette vere ei oppgåve for desse.

Bjørnøy svarar eit klart nei på om det er aktuelt å stoppe vindkraftutbygging i påvente av at planlagde prosjekt blir sett i ein større samanheng.

— Vi må no kome i gang med ei skikkeleg satsing på å byggje ut fornybare energikjelder. Eg er overtydd om at vindkraft i framtida vil bli ei svært viktig energikjelde for landet. Men det er viktig at enkeltprosjekt som no kjem fram blir gitt ei grundig handsaming. I kvart einaste område må vi vurdere nøye kva konfliktar ei utbygging vil føre til, seier statsråden.

Open for Stadlandet

Fleire av dei lanserte vindkraftprosjekta på Vestlandet er kontroversielle. Ikkje minst gjeld dette dei nye planane for vindkraftutbygging på Stadlandet. For nokre år sidan ville Statkraft byggje ein av dei største vindmølleparkane i landet på Stad. Planane førte til sterkt engasjement og aksjonar. Mellom dei offentlege instansar som gjekk klart mot Statkraftprosjektet var Sogn og Fjordane fylkeskommune, som meinte eit vindkraftverk ville verke øydeleggjande for eit av dei mest sårbare og særmerkt naturområde langs norskekysten. Til slutt enda det med at Statkraft fekk nei.

Ikkje lenge etter blei det lansert nye planar, rett nok i eit litt anna område. Bak det nye prosjektet står, paradoksalt nok, energiselskapet til Sogn og Fjordane fylkeskommune. Som altså engasjerte seg sterkt mot då Statkraft ville byggje ut.

Statsråden vil ikkje vende tommelen ned for vindmøller på Stad, slik det skjedde då Statkraft ville byggje ut. Tvert om:

— Eg trur det vil vere råd å få til vindkraftverk på Stadlandet. Det er eit spørsmål om korleis det blir gjort, seier Bjørnøy.

Infosenter i statsbudsjettet

Den omdiskuterte miljøvernministeren frå SV besøkte i går Værlandet i Askvoll og stiftinga Jensbua Fjaler for å lære om og drøfte bruk og vern. Ho blei informert om naturbrukprosjektet som er sett i gang i fire bygdelag i Sogn og Fjordane, for å skape næringsaktivitetar og arbeidsplassar knytt opp mot verna område.

På Værlandet, der ein tredjedel av øya blei verna til sjøfuglreservat for 15 år sidan, ønskjer øybuarane og kommunen at departementet medverkar til å få bygt eit informasjonssenter for sjøfugl.

Men som venta hadde statsråden ikkje med seg ei einaste krone til Askvoll. Derimot antyda ho ganske sterkt at svaret på om departementet vil støtte planane, kjem i statsbudsjettet til hausten.

I dag deltek Helen Bjørnøy på ein konferanse om bruk og vern i Jostedalen.

OPPGLØDDE: Både Helen Bjørnøy og fylkesordførar Nils R. Sandal let seg engasjere av planane om eit informasjonssenter for sjøfugl knytt opp mot Sørværet naturreservat på Værlandet. I statsbudsjettet til hausten kjem truleg svaret på om planane engasjerte så mykje at det blir statsstøtte.