Dette er ifølgje gode kjelder, opplysningar som overvakingspolitiet, PST, har kome over under avlytting og spaning på Bhatti.

Politiet meiner at den profilerte TV2-journalisten, som skal ha hatt eit forhold til Bhatti, har vore klar over planane, at ho skal ha freista å «roe han ned» og at ho har åtvara han mot å gjere noko drastisk.

Det er dette forholdet tekstmeldingane mellom dei to, som er blitt kjent, har vore mynta på.

Blanda rollene

I den eine meldinga skreiv han: «Prøver bare å forberede både deg og meg til universets største avstand.» Til dette svara ho: «Dette liker jeg virkelig ikkje» og «du må ikkje ta noen stor avgjørelse ennå».

Svaret hans var: «Du vil alltid være under mine vinger.» Politiet omtalar dei to som kjærastar og er av den meining at journalisten har blanda rollene sine, får BT opplyst.

Politiet har vore klar over at Bhatti fleire gongar har vore med TV2-journalisten inn i redaksjonslokala til TV2. Men politiet skal ikkje ha sett i verk etterforskingsskritt overfor journalisten.

PST har, etter det BT får opplyst, i lang tid rekna Bhatti som «farleg», ute av kontroll og i stand til å utføre alvorlege kriminelle handlingar.

Møtte Dobroshi

I juni i år vart han spana fram til eit møte med Prince Dobroshi i Pristina i Kosovo. Dobroshi var rekna som ein av dei farlegaste fangane dei åra han sat i norsk fengsel. Bhatti og Dobroshi kjenner kvarandre mellom anna frå soning i Ringerike fengsel.

Etter det BT kjenner til, er Bhatti mistenkt både for å ha hatt å gjere med skytinga mot bustaden til journalist Nina Johnsrud i Dagsavisen og ein skyteepisode i Bærum i sommar. Men politiet har etter det BT får opplyst, mangla konkrete prov.

PST har fylgt Bhatti tett etter at han i juni vart stoppa av tysk politi. I bilen hans fann det tyske politiet våpenbrosjyrar då bilen vart ransaka. Bhatti hadde då vore i England.

— Det var ikkje akkurat reiselivsbrosjyrar som vart funne i bilen, som ei sentral kjelde formulerer det overfor Bergens Tidende.

PST vart alarmert omgåande, og saka vekte stor uro. Sidan har PST fylgd Bhatti kontinuerleg etter at han kom tilbake til Noreg. Men den natta det vart skote mot den jødiske synagogen i Oslo, 17. september, skal politiet ha mista kontakten med Bhatti.