At rektor Helge M. Haaland er ein lukkeleg kar, har Mr. Lungershausen i Hannover svart på kvitt.

— I am a happy man, skriv Haaland til kollegaen ved Berufsbildende Schule Handel i Tyskland.

Det er svar på eit skrytebrev frå Mr. Lungershausen, som nyleg var vert for tre lærarar frå Kjøkkelvik skole i samband med eit EU-prosjekt. Utsendingane får attesten «nice, humorous and hard working».

Nettopp dét bildet vil Utdanningsforbundet skal feste seg av lærarstanden, både i og utanfor skulebygningen.

Neste veke startar forbundet ein reklamekampanje i avisene. Det skal bli slutt på svartmalinga av skulen, og lærarane skal slutte å sutre, skriv Aftenposten.

Nye takter

— Vi vil få lærarane til å rette ryggen og oppleve at dei blir anerkjende for den viktige jobben dei gjer. Det skal denne kampanjen bidra til, seier leiar i Utdanningforbundet, Helga Hjetland, til BT.

— Har lærarar rykte som sytekoppar?

— Eg synest iallfall at eg blir framstilt slik. Men som gruppe kan vi bli framstilt som diffus, og vanskeleg å få tak på. Ei gruppe som berre er oppteken av arbeidsvilkår og løn, ingenting anna.

Frå blå sofagrupper stig lyden av klirrande krus og knitrande matpapir. Det er lunsjpause på lærarrommet på Kjøkkelvik skole.

— Om vi har eit imageproblem? Det kan godt hende, men det har mange yrkesgrupper, seier Per Lothar Lindtner.

— Men vi har nok ein del å hente på å stå fram i media på ein litt annan måte.

— Kva med smilekurs for lærarar?

Det kjem eit snøft frå sofakroken.

— Det hadde iallfall eg sabotert. Eg smiler rimeleg ofte og nok, hevdar nestor Erling Eikholm. Og viser oss.

«Sytekultur»

Men det har ikkje vore flust med oppslag dei siste åra om stolte lærarar som skryt av arbeidsplassen og yrket sitt. Tvert om.

— Det har utvikla seg ein sytekultur blant norske lærarar, hevdar BT-journalist Tor Kristiansen, som i årevis hadde skule som spesialfelt.

— I mange år hadde dei svært god grunn til å klage, men no har dei fått betre lønsvilkår, og har grunn til å rette ryggen. Likevel held dei fram med sutringa. Dei får ikkje fram verken det flotte dei gjer, eller det flotte innhaldet i skulen.

Men denslags vil ikkje lærarane i Loddefjord ha på seg.

— Det blir heilt feil. Å vere kritisk er ikkje det same som å sutre, meiner Barbara Danielsen.

— Mykje av kritikken er dessutan konstruktiv, og fører til forandringar på sikt, supplerer Rune Golf.

— At vi er på kollisjonskurs med regjeringa, betyr ikkje at vi sutrar. Gode lærarar seier det dei meiner, seier Lindtner.

«At du orkar»

Helga Hjetland seier at det er skapt eit feilaktig bilde av skulen som dyr og dårleg.

— Oppslag har ofte negativ karakter, og det er leitt, fordi det blir gjort mykje godt og spennande arbeid i skulen kvar einaste dag. Det skal lærarane ha ros for, og det vil vi synleggjere, seier ho.

Kollegaene på lærarrommet er heller ikkje ukjende med fordomane.

— Når eg fortel at eg er lærar, er eg blitt møtt med kommentarane: «At du orkar», «eg misunner deg ikkje» eller den tradisjonelle klisjéen om at vi har så mykje ferie, seier Danielsen.

— Men mange seier at dei synest vi gjer ein god jobb, fortel Golf.

— Har de tru på reklamekampanjen?

— Den kan bidra til eit positivt fokus på skulen, og betre rekrutteringa til skulen. For blir det berre sutring, får ingen lyst til å byrje i yrket, seier rektor Haaland til BT.

— For du står fast ved at du er ein lukkeleg mann?

— Ja, eg trivest godt på jobben. Det har eg alltid gjort.

NYTT IMAGE: Det skal bli slutt på å framstille skulen som katastrofeområde. Tysdag startar Utdanningsforbundet ein reklamekampanje i avisene, som skal forandre folks syn på norsk skule og norske lærarar. - At vi sutrar, er heilt feil, meiner Barbara Danielsen (i midten) på lærarrommet på Kjøkkelvik skole. På hennar høgre side sit Rune Golf, på venstre side Anne-Kristin Holthe. I forgrunnen Per Lothar Lindtner.<p/>FOTO: HELGE SKODVIN