Det opplyser leiaren i landsrådet i Redningsselskapet, Niels Christian Bang, til Bergens Tidende.

Stein Husby, som er sorenskrivar på Kongsberg, har svært lang fartstid som dommar, meklingsmann hjå Riksmeklingsmannen og statsadvokat.

Mandatet manglar

Han opplyser til Bergens Tidende at han ennå ikkje har fått noko skriftleg om oppdraget — heller ikkje eit mandat. Husby er avhengig av godkjenning frå Domstoladministrasjonen for å kunne påta seg oppdraget, og han sendte tysdag søknad til Trondheim.

Bang opplyser at det var leiaren for Dommerforeningen, sorenskrivar Bjørn Solbakken, som gjorde framlegg om val av Husby til å leie granskinga.

Cato Schiøtz arbeider i advokatfirmaet Schjødt i Oslo medan statsautorisert revisor Andersen arbeider i revisjonsselskapet Ernst & Young.

Ekspoliti til hjelp

Til hjelp i arbeidet for granskingsutvalet har Redningsselskapet også engasjert granskingsgruppa i revisjons- og konsulentselskapet Price Waterhouse Coopers. Denne gruppa er leia av den tidlegare økokrim-etterforskaren, Helge Kvamme.

Ifølgje Bang er siktemålet at granskingsrapporten skal vere klar i god tid før det ordinære landsmøtet i Redningsselskapet, siste helga i mai. Han vil ikkje ut med kva granskinga er venta å koste.

Bang er ikkje i stand til å referere mandatet granskingsutvalet skal ha. Men han stadfester at utvalet skal gjennomgå dei økonomiske disposisjonane som er gjort i selskapet, som har vekt sterke reaksjonar. Utvalet skal også finne ut kvifor ein har fått det høge konfliktnivået som ein nå har registrert i organisasjonen.

Det høge konfliktnivået under tidlegare generalsekretær Monica Kristensen Solås har resultert i at Redningsselskapet har sagt opp eller sparka fleire leiarar og andre tilsette.

Nederlag og siger

Ein av desse var regionleiaren i Tromsø, Arild Braathen. Han vart sparka og meld til politiet for underslag.

I desember vart han frikjend for underslag i Nord-Troms tingrett. Dommen vart rekna som ein nasestyvar mot leiinga i Redningsselskapet, som hadde meld han for underslag. Det blir nå også rekna med at Braathen har gode utsikter til å få jobben sin tilbake.

Lillejulaften fekk han via forsvararen sin, advokat Hallvard Østgård, beskjed om at statsadvokaten har bestemt at dommen ikkje skal ankast.

Dette opplyser Østgård til Bergens Tidende.

— Denne meldinga kom før ankefristen var ute. Eg har ikkje fått meldinga skriftleg, berre munnleg frå statsadvokaten. Men eg går ut frå at han står ved det han har opplyst. Dermed er den frifinnande dommen rettskraftig, seier Østgård til Bergens Tidende.