— I Sogn og Fjordane finst det lokal-sjukehus i Lærdal og på Eid, og sent-ralsjukehus i Førde. Kvifor må dei to lokalsjukehusa leggjast ned?

— Det er ei omlegging, der vi ønskjer å opprette distriktsmedisinske senter. Dette er rett ut frå moderne medisinsk tenking, og vi manglar 150 millionar kroner til å drive dagens modell i balanse. 90 prosent av ventelistepasientane skal ikkje sjukehusinnleggast, men ventar på politiklinisk dagbehandling. Det vil dei distriktsmedisinske sentra tilby.

- Ingen lokalsjukehus skal leggjast ned, seier regjeringa i Soria Moria 2. Kva signal har du fått som tilseier at Helse Førde får lov til å gjennomføre dette?

— Ikkje anna enn det helseministeren sa då ho var her då høyringsutkasta vart lagde fram. Ho meinte vi hadde jobba og grunngjeve godt. Statsråden tok ikkje stilling, bortsett frå at ho umiddelbart skaut ned den eine modellen, med berre eit sentralsjukehus og ingen lokalsjuke-hus. I realiteten er det to alternativ tilbake - eit med tre likestilte lokalsjukehus, og eit med sentralsjukehus og to dist-riktsmedisinske senter.

- I fjor slo Helsetilsynet fast at Helse Førde, som einaste helseføretaket i landet, driv ei uforsvarleg ambulanseteneste. Kva tillit kan folk ha til ein modell der denne uforsvarlege tenesta er gitt ei så sentral rolle?

— Vi har svært mange ambulansar, og det har kome krav om at alt personell skal vere fagutdanna. Der slit vi. Men vi har no ambulansefagutdanning ved to av dei vidaregåande skulane våre, og håpar på ei snarleg betring. I tillegg minner eg om at vi allereie har høgkvalifisert luftambulanse og Sea King redningshelikopter til å ta det mest akutte.

- No kan nordfjordingar og sogningar få distriktsmedisinske senter, medan sunnfjordingane får sentral-sjukehus. Korleis vil dei oppleve skilnaden?

— Det blir eigentleg distriktsmedisinske senter alle tre plassane. Sentralsjukehuset er for heile fylket, men i tillegg må Sunnfjord få distriktsmedisinsk senter på line med Nordfjord og Sogn. Også her må det vere ein interkommunal del, med sengepost til observasjon, rehabilitering og så vidare - det som er tenkt at kommunane skal ta eit større ansvar for i framtida.

- Blir det ei eiga avdeling for distriktsmedisinsk senter på Førde sentralsjukehus?

— Slike detaljar har vi ikkje kome til enno. Det må i ettertid lagast handlingsplanar, ut frå den modellen som blir vald.

- Kven skal betale for drifta av desse distriktsmedisinske sentra?

— Dei tenestene som Helse Førde tilbyr der, for eksempel poliklinisk behandling, skal Helse Førde betale for. Det som går på dei den interkommunale delen, slik som sengepostar, skal kommunane finansiere. Regjeringa lyser faktisk nett no ut ein stor pott som kommunane kan søkje på for å byggje ut slike distriktsmedisinske senter.

- 232 stillingar blir overflødige dersom lokalsjukehusa blir nedlagde eller lagde om. Kva skjer med desse folka?

— Nokre av dei får jobb på dei inter-kommunale sengepostane, dersom den løysinga blir vald. Men somme vil nok bli til overs, vi vil få naturleg avgang og så vidare. Dette er detaljar som vi enno ikkje har gått inn på.

- Kva konsekvensar ser du for Helse Førde dersom ikkje omstruktureringa blir gjennomført slik de ønskjer?

— Helse Førde vil aldri kome i balanse med den drifta vi har i dag. Vi trur at den modellen som styringsgruppa her tilrår, vil gje oss eit framtidsretta og moderne medisinsk tilbod i fylket. Får vi til det, vil vi bli eit føregangsfylke. Eg trur at vi aldri får fred i Sogn og Fjordane før vi har sunnare økonomi i helsestellet.

- Bortsett frå at nokre små pasientgrupper får litt lenger reisetid, er det nesten ikkje nemnd negative konsekvensar i framlegget styringsgruppa går for. Så kvifor den ekstreme motstanden i folket?

— Eg forstår det, fordi folk er redde for å misse eit tilbod dei har. Og så er det arbeidsplassane, der særleg vertskommunane er redde. Mennesket fryktar i utgangspunktet store endringar, og sjukehus og helse er noko som engasjerer.

- Som styreleiar har du vore utsett for temmeleg sterk hets og sjikane etter at strategiplanen vart framlagt 5. mars. Kva fortel dette deg om sjukehusstriden i fylket?

— Eg vil ikkje dramatisere dette. Eg har vore styreleiar i fem år, og i alle desse åra har eg fått gjennomgå. Eg har prøvd å gje det lite merksemd, for ikkje å bli avspora i arbeidet. Men eg tykkjer det er trist at nokre vel den typen reaksjonar.