Dette seier parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Rune J. Skjælaaen, til Bergens Tidende. Han reagerer sterkt mot vedtaket frå landsmøtet i Frp om å tillate aktiv dødshjelp.

Sjølv har Skjælaaen solid erfaring som sjelesørgar med omsorg både for døyande og pårørande. Han har bakgrunn som sjukehusprest gjennom åtte år og meninghetsprest gjennom 10 år. Når han forlet Stortinget etter valet i haust, går han etter planen tilbake som sjukehusprest ved Haraldsplass i Bergen.

BT er kjend med at det har vore ein straum av reaksjonar etter det kontroversielle landsmøtevedtaket. Fleire i Frp er urolege for at det vil slå negativt ut for partiet.

– Veldig overrsaka – Eg er veldig overraska over at det nest største partiet i landet kan fatte eit slikt vedtak. Når eg ser vedtaket, verkar det som ein har eit teoretisk forhold til det denne saka gjeld, seier Skjælaaen og held fram:

– Folk som har arbeidd mellom menneske som skal døy på grunn av livstrugande sjukdom, vil ha ei heilt anna tilnærming til desse problema enn ei «løysing» i form av ei pille eller eit anna medikament. Det å fylgje eit menneske gjennom ein dødsprosess handlar først og fremst om å gje den døyande kjensle av at det er nokon som bryr seg om han eller henne. Målet er å vise at her er alle til stades for å gjere eit vanskeleg liv best mogeleg.

– Det inneber å vere til stades, halde i handa, gje smertestillande og verkeleg lytte til kva det døyande ynskjer. Det er eit sett av tiltak.

«Uverdig liv»? – Men aktiv dødshjelp blir forklart med ynskje om å gjere slutt på eit meiningslaust, uuthaldeleg og uverdig liv?

– Eg vil avvise ei slik framstilling av livet til eit menneske. Kven skal definere kva som er meiningslaust, kva som er uuthaldeleg og kva som er uverdig? Det er omgivnaden som eventuelt gjev denne karakteristikken. Målet må vere at folk rundt den døyande gjer sitt for at det ikkje blir slik.

– Smerte kan behandlast. Det kanskje verste med vedtake frå Frp er at det gjev inntrykk av at livet hjå oss menneske skal vere utan motgang, utan smerte. Men slik er det ikkje. Livet inneheld også kostnadar.

Røynslene – Som sjukehusprest har eg mange gongar fylgt menneske frå dei har fått diagnosen og beskjed om at dei snart skal døy, til dei trekker sitt siste andedrag. Det omfattar tett kontakt både med den døyande og dei pårørande. Det inneber også støtte og hjelp til dei etterlatne. Mykje handlar då om å legge ting bak seg. Då ser ein ofte at menneske som skal døy blir ferdig med det ein har planlagd for så å finne roa. Og då slepp angsten taket. Eg opplever Frp sitt val som ei teoretisk framstilling av eit meneske sitt liv.

– Trur du Frp vil vinne eller tape på det ein nå har gjort?

– Eg er redd for at slagordet om at ein sjølv skal få velje lett kan vinne fram og at det dekker over meldig komliserte problemstillingar. Det kan vere at dei taper nokre kristne veljarar. Uansett bør vi nå få ein debatt om dette temaet når Noregs nest største parti gjer eit slikt vedtak: at kvar og ein skal bestemme over eigen død, seier Skjælaaen.

STERKT KRITISK: Parlamentarisk leiar Rune J. Skjælaaen i Senterpartiet, som har bakgrunn som sjukehusprest, er sterkt kritisk til Frp-vedtaket om ja til aktiv dødshjelp.
Rune Sævig (arkivfoto)