Regjeringa vil leggje fram ein nasjonal helse— og sjukehusplan innan 2015. Det sa helse- og omsorgsminister Bent Høie tysdag førmiddag, under årets sjukehustale.

Høgre hadde denne nyvinninga som ei av sine valkampsaker. Nasjonal helse- og sjukehusplan skal fungere litt som Nasjonal transportplan gjer for vegar og jarnbane: Vere ei prioriteringsliste for utbyggingar og satsingar framover.

- Planen kjem i 2015

Med lange høyringar og politiske prosessar på eit stort og komplisert felt, har det vore spekulert i om regjeringa vil klare å leggje fram ein slik plan før Stortingsperioden er over om knappe fire år.

— Planen skal leggjast fram for Stortinget i løpet av 2015. Så alle som trudde vi villle bruke heile perioden kan roe seg ned. Den kjem i 2015, seier han.

Seks løysingar

Høie la fram ei rekkje tiltak, pakka inn i seks viktige løysingar som skal forbetre sjukehustenestene dei komande åra:

  • Fritt behandlingsval: At pasientar i større grad skal kunne velje private sjukehus, betalt av det offentlege. Innan rus og psykisk helsevern er det planlagt innført i 2015. For alle andre pasientar vil fritt behandlingsval kome i 2017, seier Høie til NTB.
  • Kreftbehandling: Raskare diagnosar og redusert ventetid for kreftpasientar. Tverrfaglege diagnosesenter skal på plass i løpet av 2014. I tillegg skal det innførast såkalla "standardiserte pakkeforløp" og betre samarbeid med fastlegane.
  • Regjeringa skal òg lage ein opptrappingsplan for rusfeltet og byggje ut det psykiske helsetilbodet i kommunene.
  • Nasjonal helse- og sjukehusplan (sjå ovanfor). Denne skal altså leggjast fram for Stortinget i 2015.
  • Regjeringa vil betre kvalitet og pasienttryggleik ved å endre leiing, system og kultur. Dei har allereie byrja arbeidet ved å la ein liten del løyvingane til sjukehusa no vere styrt av kor bra dei gjer det på ulike kvalitetsmålingar.
  • Satsing på IKT og kommunikasjon. Regjeringa vil leggje fram eit nytt lovforslag, som skal sikre at pasienten blir sett i setrum. Dei vil òg styrke personvernet i IKT-løysingane. Ellers handlar dette om å få meir effektiv behandling og betre informasjon til sjukehuspersonell og paseintar. Eit eige nasjonalt helseforetak skal samordne og utvikle IKT-arbeidet. Dette blir lagt til Bergen.