Mange og viktige minuttar, ja timar, er innspart for brystsmertepasientar etter at ambulansebilar i Kvinnherad, på Bømlo og Tysnes nyleg er utstyrte med hjartestartarapparat med EKG (elektrokardiogram). Stord står for tur, og systemet dannar modell for ambulansetenesta i heile Helse Vest-området.

— Behandling med utblokking av tette hjarteblodårar ved Haukeland universitetsjukehus kan framskundast med to timar, seier ambulansesjef Jan E. Agdestein ved Stord sjukehus. I staden for at pasienten først skal køyrast til lokalsjukehuset for utgreiing, og deretter venta på vidaretransport til Haukeland eller Stavanger, kan han ved hjelp av den tilgjengelege telemedisinen transporterast frå ambulansebilen på heimstaden med luftambulanse direkte til sjukehus for blokking.

Prehospital trombolyse

Systemet som er teke i bruk av ambulansepersonell i Sunnhordland, Østfold og Troms blir kalla prehospital trombolyse, som tyder oppløysing av hjarteblodpropp før pasienten kjem til sjukehus. Eit EKG-apparat med hjartestartar kostar rundt 200.000 kroner og er enkelt å ta med for ambulansepersonellet.

Ambulansepersonellet i Sunnhordland er sidan i fjor vår kursa grundig i systemet. Å setja blodproppløysande sprøyter er blant oppgåvene til kvinnene og mennene på sjukebilane. Jo raskare ein blodpropp blir løyst opp, jo større er sjansen for å overleva. Og jo større er sjansen for å venda tilbake til eit normalt liv for dei som overlever.

Ambulansetransport med bil og båt til Stord sjukehus kan ta lang tid, opptil 75 minuttar frå Varaldsøy og 80 minuttar frå Åkra i Kvinnherad.

Derfor har telemedisinen som er innført særleg stor vinst i Sunnhordland.

Ifølgje klinikkleiar Hans Olav Fadnes ved Stord sjukehus har test- og oppstartfasen av prehospital trombolyse vore vellukka. Personellet har vore engasjert og lærevillig, og samarbeidet mellom ambulanse, alarmsentral og vakthavande lege har fungert godt. Fadnes ser at tilbodet har særleg mykje føre seg i distriktet, og det kan kombinerast med akutt blokking på Haukeland.

— Ambulansane er ikkje berre sjukehusets forlenga arm, vi har gitt armen eit innhald, meiner ambulansesjef Agdestein.

AKUTTMOTTAK I BILEN: Ambulansetilsett Bjørge Agdestein på Stord demonstrerer EKG- og hjartestartarapparatet som har gjort ambulansebilar i Sunnhordland til rullande akuttmottak som sparar viktige minuttar før behandling.<p/>FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR