Dette opplyser forskar Yngve Hammerlin til Bergens Tidende. Han er knytt til Kriminalomsorgens utdanningssenter.

Han har 20 års bakgrunn frå forsking omkring fengsel, kriminalitet, sjølvmord og sjølvmordsførebyggande tiltak, og blir rekna som ein av dei fremste ekspertane i landet innan desse områda. Han meiner det er rett å sjå sjølvmord, sjølvmordstankar og sjølvmordsforsøk under eitt. Nokre ønskjer å døy, andre ønskjer å markere dette som ein utveg, medan det for andre er eit rop om hjelp.

Utviklinga

Granskingar som han har gjort dels i samarbeid med Kåre Bødal, dels sjølv, av sjølvmord i norske fengsel, gjev følgjande resultat:

På 1950-talet og 1960-talet var det i gjennomsnitt eitt sjølvmord årleg. På 1970-talet steig talet til eit gjennomsnitt på to. På 1980-talet auka det vidare til tre og mot slutten av 1980-talet til fire. Talet heldt seg på dette nivået gjennom 1990-talet.

Det verste året var 1995 då det vart registrert seks sjølvmord i norske fengsel. Året etter var talet fire. I 1997 var det tre, i 1998 to, i 1999 og 2000 eitt kvart år. I 2001 var det på ny fire og i 2002 to.

Aktive tiltak

— Noreg var tidleg ute med sjølvmordsførebyggande tiltak og er eitt av dei få landa i Europa som har gjort mykje på dette området, seier Hammerlin. Han legg til at det gjennom fleire år har vore eit tett samarbeid også med Sverige og Danmark på dette feltet.

— Spesielt har det vore arbeidd systematisk etter at vi fekk dei stygge tala i 1995-96. Hadde det ikkje vore for innsats frå dyktige og omsorgsfulle betjentar i fengsla, konkrete tiltak og hjelp frå medfangar, hadde sjølvmordstala vore mykje høgare, seier Hammerlin.

Sjølvmord i norske fengsel er i hovudsak eit mannsfenomen. I heile perioden sidan 1956 er det berre registrert eitt sjølvmord mellom kvinnelege innsette.

Drapsmenn

Norske analysar viser at drapsmenn er ei av dei gruppene av innsette som er mest «sjølvmordsnære», som anten tenkjer på å gjere sjølvmord, gjer forsøk, eller som gjennomfører det.

Denne gruppa utgjorde 21 prosent av alle som gjorde sjølvmord i fengsla i perioden 1956-91. Mange drapsmenn gjer også sjølvmord før dei kjem i fengsel. I fjor gjorde seks av 45 drapsmenn sjølvmord før dei vart pågripne. Slike tilfelle er ikkje med i tal over sjølvmord i fengsla. Hammerlin stipulerer at 1/3 av alle overdosedødsfall i fengsla kan vere ambivalente sjølvmord.

Tre av fire sjølvmord i fengsel skjer under varetekt. Dette er eit stort problem, påpeikar Hammerlin. Men han kan også opplyse at drapsdømde gjer sjølvmord etter at dei kjem ut etter endt soning.

Stigmatisering

Han peikar på stigmatiseringsproblem frå omverda og «monsterframstilling» av drapsdømde i media som forklaringar.

— Mange er prega av skuldkjensle, av skamkjensle, av sorg og stress og er vare for omverda sine reaksjonar, særleg når dei kjem inn i fengsla. Mange opplever ei eksistensiell krise. Det er stort behov for fagleg hjelp og omsorg. Og likevel om handlingane dei har gjort kan ha vore grufulle, må ein skilje mellom handling og menneske. Vi kan ta avstand frå handlingane, men har ingen rett til å fordøme menneska, seier Hammerlin.

Store påkjenningar

Hammerlin trekker også fram eit anna moment: sjølvmord får konsekvensar og er sosial i sitt vesen: Det betyr store konsekvensar for familie og pårørande, for betjentane i fengsla og for medfangane. Påkjenninga er stor.

Han påpeikar at kvar ein innsett må vurderast og behandlast individuelt etter omsorgsbehov. Det er viktig at kommunikasjonen mellom fengsla er god, at kommunikasjonen mellom fengsel og politi er god, og at spesielle opplevingar under arrestasjon og under avhøyr blir formidla.

— Ein del av dei som sit i fengsel har så store problem at dei ikkje skulle ha vore der. Problema som fører til sjølvmord eller sjølvmordsforsøk blir ikkje berre skapt i fengsla. Mange har prøvd å gjere sjølvmord før. Mange har ei stor sosial tapsliste bak seg. Det kan ha skjedd mykje med det sosiale nettverket til den innsette. Det er ikkje så enkelt som å seie at berre fengsel har skulda. Ansvaret for den ærklærte sjølvmordsinnstilte har ikkje berre fengselsvesenet, men også fleire andre samfunnsinstitusjonar, mellom anna psykiatrien, seier Hammerlin.