Dermed kan Sosial— og helsedepartementet koma til å lata sjølvbetjeninga på polet bli med den knapt to år lange prøveperioden. Det er ei undersøking frå Sirus (Statens institutt for rusmiddelforskning) som viser at salet går opp med ti prosent sjølvbetjente utsal, omrekna i rein alkoholvare.

Sirus sine konklusjonar veg tungt i den høyringa som Sosial- og helsedepartementet nyleg har gjennomført for å evaluera prøveordninga med sjølvbetjente polutsal.

Ordninga blei vedteken av Stortinget i 1998, og i løpet av september, oktober og november 1999 blei det innført sjølvbetjening i 14 utsal; tre i Oslo, to i Trondheim og eitt i Bergen, Kristiansand, Sandnes, Larvik, Lørenskog, Molde, Narvik, Fauske og Fagernes.

— På bakgrunn av våre beregningar ser det ut til at salet av øl vil auke med 30-40 prosent, salet av vin med 10-15 prosent og salet av brennevin med 5-10 prosent, konkluderer Sirus-forskar Øyvind Horverak i sitt høyringsnotat til departementet.

Ei tilsvarande undersøking i Sverige viste ein nettoauke i salet på 7-13 prosent rekna i rein alkohol, medan det i Finland blei registrert ein svært liten salsauke i sjølvbetjente pol i forhold til tradisjonelt sal over disk.

Evalueringa i Noreg er gjennomført tidlegare enn først planlagt avdi regjeringa i sommar føreslo å oppheva forskrifta om at polvarer skal handlast over disk, uavhengig av evalueringa. Regjeringa meinte at ei utviding av sjølvbetjeningsordninga ville styrka folk sin oppslutnad om vinmonopolordninga, som regjeringa ser som ein viktig reiskap i alkoholpolitikken.