Rapporten som vart ferdigstilt i førre veke, bygger på inspeksjon ved Bodø kontrollsentral og Bodø kontrolltårn. Den er eit alvorleg varsku som råkar leiinga i Avinor med administrerande direktør Randi Flesland og styreleiar Anders Talleraas i spissen.

Verre neste år

I rapporten kjem det fram at det er mangel på tilgjengelege flygeleiarar. Neste år vil det bli endå verre i den norske marknaden av di aldersgrensa for flygeleiarar blir senka til 60 år. Av den grunn vil mange flygeleiarar forsvinne.

Tilsynet slår fast at det er semje mellom arbeidsgjevar og tilsette lokalt om at bemanninga av flygeleiarar er for låg dersom drifta skal kunne haldast oppe utan stadige aktivitetsinnskrenkingar.

Samstundes opplyser Arbeidstilsynet at Avinor i 2006 vil ta i bruk eit nytt operativsystem som vil krevje omfattande internopplæring. Det vil krevje auka bemanning.

Dette avviser sjefen for kontrolltårna i Avinor, Per Harald Pedersen, overfor Bergens Tidende. Han seier at det ikkje har vore meininga å ta i bruk nytt operativsystem før i 2007. Han stadfester at det vil krevje internopplæring. Meininga er å ha klart eit opplegg for opplæring innan 1. februar neste år.

Av rapporten går det fram at pr. 11. november i år var det gjennomsnittlege overtidstalet 163 timar for flygeleiarane i Bodø. Likevel opererte leiinga i Avinor med eit gjennomsnittstal på 139 timar.

Arbeidstilsynet reiser nå spørsmål ved om det er forsvarleg å halde fram med tilsvarande bruk av overtid framover.

Både Luftfartstilsynet og Havarikommisjonen for sivil luftfart og jernbane har avdekt tilsvarande forhold som rapporten frå Arbeidstilsynet nå tek opp.

Likevel avviser Pedersen opplysningane om overtidsbruken. Han seier at det er to måtar å registrere overtid på, ein måte i forhold til arbeidsmiljølova og ein måte i forhold til lufttrafikk-kontrollen. Pedersen meiner at Avinor sine tal er rette.

— Stemmer heilt

— Eg har ikkje sett rapporten frå Arbeidstilsynet i Nord-Noreg. Men dei funna eg nå får referert stemmer heilt overeins med den kunnskapen vi har om forholda, seier leiaren i Norske Flygelederforbund, Rolf Skrede, til Bergens Tidende.

— Og dei problema som der blir lista opp er ikkje særeigne for Bodø. Dei er gyldige for heile landet. Så seint som nå i helga opplevde vi at Avinor freista å kjøpe folk vekk frå ferie for å dempe problema med trafikkavviklinga i Stavanger, seier Skrede.

Skrede opplyser at 14 flygeleiarar, som i dag arbeider på dispensasjon etter å ha fylt 60 år, sluttar ved årsskiftet. I tillegg vil 8-10 slutte årleg dei komande åra etter nådd aldersgrense. Det blir nå slutt på å kunne gje dispensasjon til å halde fram i operativ teneste for flygeleiarar som passerer 60 år.

- Åtvaring avvist

Ifølgje Skrede åtvara flygeleiarforeninga Samferdsledepartementet alt i 2003 om at det ville bli mangel på flygeleiarar i åra framover.

— Dette vart avvist av Avinor. Avinor hevda tvert om at det ville bli for mange flygeleiarar og ville jamvel leige ut norske flygeleiarar til utlandet. Med bakgrunn i dette stansa Avinor utdanning av nye flygeleiarar. Nå har ein teke opp att utdanning av flygeleiarar. Men dei 10 som nå er under utdanning vil først vere ferdig utdanna i 2007 dersom dei fullfører. Dette inneber at problemet med mangel på flygeleiarar kjem til å auke i åra framover, seier Skrede.

Det har lenge vore tautrekking mellom flygeleiarforeninga og Avinor om kor stort behovet for flygeleiarar er.

Avinor kom heilt skeivt ut frå hoppet då direktør Randi Flesland hevda at det har vore ein auke i talet på flygeleiarar på 58 prosent frå 1999 til 2005.

Avinor vedgår i dag at talet var feil.

— Det er berre å legge seg heilt flat her. Tala var ikkje samanliknbare. Auken har vore på 34 prosent. Vi har i dag 418 operative årsverk. Vi er nå i god dialog med flygeleiarforeninga og trur vi skal bli samde om ei felles oppfatning av tala innan jul, seier Pedersen.

ALEKSANDER NORDAHL/SCANPIX