Dette er karakteristikkar henta frå ein prosjektrapport Transportøkonomisk Institutt har laga om større norske samferdsleprosjekt. Det er moment som gjev forklaring på kvifor det er så stor avstand mellom kalkylar og prognosar før byggestart, og dei faktiske sluttala.

Kostnadseksplosjon

I seinare tid har det vore auka fokus på store overskridingar og prioriteringar på mange nye samferdsleprosjekt. Både Riksrevisjonen og fleire offentlege utval har vore opptekne av slike spørsmål.

Kontrollkomiteen på Stortinget arbeider nå med same temaet på grunnlag av ein rapport frå Riksrevisjonen.

I november i fjor tok Transportøkonomisk Institutt (TØI) kontakt med Samferdsledepartementet for å gjennomføre eit større granskingsprosjekt. Siktemålet var å etterprøve i kva grad føresetnadane og prognosane som vart lagt til grunn ved store samferdsleprosjekt, hadde slege til. Men ein ynskte også å lære av prosjekt som hadde gått bra. Dessutan ville ein vurdere verknadar nye samferdsleprosjekt har hatt på ulykker, miljø og regional utvikling.

Treg oppfylging

Tre månadar seinare sende Samferdsledepartementet brev til dei tre aktuelle utbyggingsetatane, Vegdirektoratet, Jernbaneverket og Avinor (tidlegare Luftfartsverket). Departementet ville vite korleis etatane stilte seg til eit framlegg om å gjennomføre eit større granskingsprosjekt for å etterprøve store samferdsleinvesteringar.

Brevet frå departementet vart sendt 12. februar med svarfrist 7. mars.

Ingen av etatane svarte innan fristen. Først 21.mars mottok departementet svar frå Jernbaneverket som til nå er den einaste av dei tre etatane som har svart.

I Vegdirektoratet opplyser seksjonsleiar Jan Martinsen at direktoratet har fått utsett fristen. Men han vil ikkje opplyse kor lang frist ein har fått, eller når ein ba om å få forlenga frist. Han seier at svaret vil kome snart.

Bak lyset?

Transportøkonomisk Institutt ynskjer nå å finne ut om dei store kostnadssprekka har ein ting felles: «en egentlig, bakenforliggende og høyst kontroversiell årsak som er strategiske kostnads— og lønnsomhetsanslag».

«Å gå inn på dette vil måtte stå sentralt i et hovedprosjekt: Hvorfor presenteres det eventuelt slike beregninger, og - ikke minst - hvorfor slipper de igjennom?»

Formuleringane her inneber at ein vil granske om dei som utarbeider og presenterer planane, med fullt overlegg fører dei som skal vedta utbyggingsprosjekta, bak lyset.

Tidlegare granskingar av utvalde prosjekt, som til dømes Kvisti bru (Osterøy), har konkludert med at det er presentert ««strategiske» trafikkprognoser og kostnadsanslag i den hensikt å få vedtatt det aktuelle prosjektet. En slik hensikten helliger midlet-strategi må da være fundert i en hypotese om at et slikt vedtak blir stående, selv om de vedtaksbestemmende analyser senere skulle bli satt under lupen», slik det vart formulert i 1999 av eit utval som granska fleire prosjekt.