Leiaren for Afghanistan-komiteen i Noreg, Liv Kjølseth, meiner Forsvaret gjekk langt over streken då dei henta 14-åringane i Faryab United til Ekebergsletta i sommar.

— Dei blir brukt til å drive PR for Forsvaret. Det er kynisk og uetisk, seier Kjølseth.

Ho meiner det er opplagt at besøket i Noreg og all pressedekninga det fekk kan vere farleg for gutane.

— Vi veit at det finst grupper i Afghanistan som er kyniske nok til å angripe folk som blir knytt til dei internasjonale styrkane. Og desse går ikkje av vegen for å ramme barn, seier Kjølseth.

Ho skreiv eit lesarinnlegg om besøket i Klassekampen i sommar, utan at det vart nokon vidare debatt rundt saka den gongen.

— Det er direkte klanderverdig å knyte barn opp til dei militære styrkane på denne måten, seier Kjølseth.

Sensitivt i Afghanistan

Ho reagerer også på korleis bloggaren «Supermarie», som er i Forsvaret, publiserer tekst og bilete av gutane. «Supermarie» har også vore svært aktiv på ei norsk Facebook-side som heiter Faryab United, der mange foto er lagt ut.

— Eg er beint ut sjokkert over at vaksne folk, som har offisielle posisjonar, legg ut den slags, seier Kjølseth.

Blant anna ligg det ute bilete av gutane saman med norske jenter. På bloggen er det også innlegg med foto som etter afghansk standard kan oppfattast som utfordrande.

— Kjønnsproblematikken er noko av det mest sensitive i afghansk kultur. For mange der vil desse bileta framstå som skrekkeksempel på korleis det kan gå, dersom dei blir utsette for vestleg påverknad, seier Kjølseth.

Frykt for asylbarn

Ho minner også om at den norske regjeringa brukar store ressursar på å hindre afghanske mindreårige i å kome til Noreg for å søkje asyl. Regjeringa har som uttalt mål at færre slike skal kome hit. Det blir arbeidd med å opprette eit mottakssenter i Kabul for mindreårige, slik at dei kan returnerast frå Noreg.

— Samtidig brukar regjeringa altså ressursar på å hente afghanske ungar til Noreg, for å bruke dei i PR-samanheng. Dei blir sleppt inn i godtebutikken, men opplegget rundt dei vitnar om frykt for at gutane skal hoppe av, seier Kjølseth.

Ho meiner afghanske barn har stort behov for sport og andre aktivitetar.

— Det er viktig arbeid; afghanske barn har ofte lite høve til å utfalde seg fysisk. Men arbeidet bør overlatast til organisasjonar som kan dette, som «Right to Play» eller andre. Eg kan forstå at Forsvaret har behov for å gjere noko som kjennest meiningsfylt. Men slik arbeid med barn og unge må dei halde seg langt unna. Det er veldig farleg, seier Kjølseth.