VIDAR YSTAD

Innsparingsplanane som ville bety landligge for store delar av marinen ut året, var utarbeidd på «fagmilitært grunnlag», opplyser generalinspektøren for sjøforsvaret (GIS), Jan Erik Finset, til Bergens Tidende.

Kuvending

Med bakgrunn i dei kraftige reaksjonane denne planen skapte i opposisjonen på Stortinget, har GIS saman med forsvarssjef Sigurd Frisvold og forsvarsminister Kristin Krohn Devold, laga ein ny skisse til plan. Den vil auke seglinga langs kysten, men innsparinga som vart varsla, står ved lag.

— Vi har teke inn over oss at Stortinget ønskjer større aktivitet langs kysten, seier Finset til BT.

Han vil ikkje vedgå at dette er eit nederlag for han sjølv som var den som lanserte den opphavlege innsparingsplanen overfor forsvarssjefen.

Han seier at alle fartøytypar skal segle, men vil ikkje talfeste eller konkretisere seglingsdøgn og landligge i høve til dei opphavlege planane.

Ingen angrande syndar

Det var ingen audmjuk eller angrande statsråd som i går møtte til høyring i Forsvarskomiteen. Aftenposten hadde på leiarplass i går oppfordra statsråden til å innta ei audmjuk haldning. Det hadde tydelegvis ingen effekt.

I går hevda statsråden at økonomistyringa i Forsvaret er betre enn nokon gong. Det gjorde ho trass i at Riksrevisjonen har nekta å godkjenne rekneskapen for Forsvaret for 2003.

Men ved å kome med ei skisse som opnar for meir segling og mindre landligge for marinefartøya, har statsråden oppnådd å splitte opposisjonen.

Splitta opposisjon

Komiteleiar Marit Nybakk frå Ap gav etter høyringa overfor Bergens Tidende uttrykk for at ho er nøgd med det som kom ut av høyringa.

Ho seier at ho opplever den nye skissa til innsparing som «ein retrett» frå statsråden.

Nybakk seier at forsvarsleiinga må få tid på seg til å utarbeide meir detaljerte planar, når vi spør om ho er nøgd med at statsråden ikkje svara på alle spørsmåla Nybakk sjølv stilte.

Denne reaksjonen deler ho ikkje med dei andre opposisjonspartia.

Frp sin forsvarspolitiske talsmann, Per Ove Width, er meir kritisk enn nokon gong:

- Null tillit

— Dette var tynne og dårlege greier. Det overraskar meg at statsråden ikkje hadde ein meir audmjuk tone omkring det som var eit klart brot med Stortinget sitt vedtak og føresetnadar. Når statsråden må definere kva som ligg i omgrepet «full kontroll», er det alarmerande. Eg har null tillit til denne statsråden. Vi vil nå diskutere internt Frp korleis vi skal fylgje opp overfor statsråden, seier Width til Bergens Tidende.

I budsjettproposisjonen for inneverande år forsikra Regjeringa at den operative aktiviteten i Sjøforsvaret som seglingsdøgn og seglingsmønster, skulle vere skjerma ved omstillings- og effektivitetstiltak. Dette la også Stortinget til grunn og slutta seg til ved budsjettbehandlinga i fjor haust.

Når forsvarssjefen og forsvarsministeren såg bort frå dette då kuttplanane vart utarbeidd for sjøforsvaret, vart reaksjonane på Stortinget deretter.

- Forstår ikkje alvoret

Sp si forsvarspolitiske talskvinne, parlamentarisk leiar Marit Arnstad, er også svært kritisk:

— Eg opplever at statsråden ikkje heilt forstår alvoret. Det gjeld både denne saka og kontrollen med dei framtidige driftsutgiftene til nytt utstyr som fregattar og motormissilfartøy.

Arnstad trur forsvarsministeren gamblar med at Ap er for sterkt knytt til Regjeringa gjennom budsjettforliket frå i fjor haust, til at det er verkeleg fare på ferde.

Generalinspektør Finset seier til Bergens Tidende at den reviderte innsparingsplanen ikkje får særlege konsekvensar for Haakonsvern. Det blir litt færre kurs og ledige stillingar blir ståande ledige ut året.

NY SKISSE: Forsvarsminister Kristin Krohn Devold (H) hadde med seg ein mannsterk delegasjon då ho møtte til høyring i Stortinget i går, mellom anna forsvarssjef Sigurd Frisvold.<p/> FOTO: SCANPIX