Atlas-alliansen, som står bak søndagens tv-aksjon, har overtatt sjiraffen til Hege Leivestad i Førde for å selge den til høgstbydande. Dermed kan du skaffe deg ein 2,5 meters treskulptur og samtidig støtte funksjonshemma barn i fattige land.

Saman med venninna Catherine Formo var Førde-kvinna på ein ferietur i Zimbabwe i juni. Det enda med eit heilt spesielt innkjøp.

— Eg såg denne sjiraffen på ein marknad, og skjøna straks at denne må eg berre ha. Den gangen tenkte eg ikkje på noko tv-aksjon i det heile, fortel Hege Leivestad.

Det var først denne veka at Hege kom på tanken om å auksjonere vekk skulpturen til fordel for tv-aksjonen, som i år skal gå til funksjonshemma i fattige land. Bak aksjonen står Atlas-alliansen, ei samanslutning av norske organisasjonar som driv hjelpearbeid i 40 land. Først var tanken å stå for auksjoneringa sjølv, men i går overtok alliansen ansvaret for både skulptur og auksjon.

Hege Leivestad er oppteken av hjelpearbeid, og kom tilbake frå ei lengre Afrika-reise i slutten av september. Då var ho blant anna med venninna Catherine, som er gift i Norge, på besøk til familien hennar i Zambia.

I går var høgste bodet på sjiraffen på 15.000 kroner, men Hege forventar at prisen vil gå opp.

— Femten tusen er altfor lite. Her gjeld det å by, seier ho.

Du kan by på sjiraffen på nettauksjonen QXL.