– Eg har fått spørsmål om eg er villig til å ta oppdrag der eg skal sjekke om den komande svigersonen er den han gjev seg ut for å vere, fortel Bjørn Grytøyr til avisa Vårt Land. Grytøyr eig og driv etterforskingsselskapet Norsk personservice (NPS).

NPS er ikkje det einaste selskapet som får spørsmål om dei kan sjekke om ein kjærast er ein sjarlatan eller svindlar:

– Eg kjenner til at fleire av våre medlemmer er blitt spurt om å ta slike oppdrag, seier privat-etterforskaren, som også er styreleiar i bransjelauget Norsk forening for privat etterforskning og sikkerhet (Nopes).

Store verdiar

Grytøyr opplever at dei som kontaktar Nopes-selskap har ein ting felles; dei forvaltar store verdiar. Difor vil oppdragskjøparen sjekke opp kva mann dottera har slått seg saman med.

Men Bjørn Grytøyr takkar ikkje ja til denne typen oppdrag. Han forklarar haldninga med «seriøsitet»:

– Her kan vi skilje mellom dei seriøse og dei useriøse etterforskingsselskapa, seier Grytøyr til Vårt Land.

Nopes-leiaren peikar på det sterke personvernet når han skal forklare kvifor folk får nei til svigersonsjekk.