— Den sterke varmen over havet utanfor Australia gjer at skipet må skifta farge frå svart og raudt til kvitt. Dekket skal målast lysegrått, seier kommunikasjonssjefen i Hurtigruten ASA, Ragnar Norum.

«Finnmarken» ligg nå ved verftet Westcon i Ølen for tilpassing, ombygging og vedlikehald. Nær to tonn maling går med til dette store hamskiftet.

Airconditionanlegg skal installerast pluss delvis ombygging til mellom 60 og 70 kontorplassar.

På dekket skal lagast garderobar i tillegg til at skipet blir sikra mot piratangrep ved installering av gitter over opningane i overbygget akter.

Sjå webkamera ombord på M/S «Finnmarken»

God business

Midt i januar skal skipet vera klart til bruk utanfor Australia.

— Kvar veke vil hotellskipskontrakten gi fire millionar kroner ekstra på botnlinja i rekneskapen. Kontrakten for 18 månader som hotellskip lyder på 700 millionar kroner. Dessutan har Hurtigruten opsjon på nye 18 månader på Gorgon-feltet, opplyser kommunikasjonssjef Norum.

Hurtigruten har tatt liknande oppdrag også tidlegare ved å driva hotellskip utanfor Melkekøya i samband med bygging av gassanlegget utanfor Hammerfest og i samband med Ormen Lange utbygginga utanfor Midt Norge.

Tidlegare i år avslutta hurtigruteskipet «Nord Norge» ein kontrakt som hotellskip for Aker Solutions i Adriaterhavet.

Skip til overs

  • Me kan ta på oss slike oppgåver ettersom me har to skip i vår flåte som ikkje treng å gå i ruta mellom Bergen og Kirkenes. Her skal me nytta 11 skip om sommaren og 10 om sommaren. I alt har me 13 skip i flåten. Eit av desse skipa blir nytta som cruiseskip til Grønland og Antarktis.

— Men Hurtigruta si primære oppgåve er å driva ruta langs kysten. Me satsar alt på å vinna anbodskonkurransen som blir opna tidleg neste år. Den som vinn skal truleg få driva hurtigruta langs Norskekysten i 10 år framover, seier Norum.