OVE A. OLDERKJÆRove.olderkjaer@bt.no

Det er Etne-bonden Olav Sørheim som med sin langvarige skattekamp har gitt sivilombodsmann Arne Fliflet grunn til å gå i rette med skattedirektoratets innsynspolitikk.

Skattedirektoratet vil av ressursomsyn i likningsadministrasjonen ikkje gje folk allminneleg innsyn i eigne likningssaker som er til klagehandsaming. Direktoratet har sg uttalt at "ligningsmyndighetene vil også bli mer bundet i sin saksforberedelse for nemndene dersom det generelt blir gitt innsyn i vedtaktsutkast."

"Enhver skattyter" Sivilombodsmannen meiner dette er lite i tråd med Finansdepartementets retningsliner, der grunnregelen er at "Enhver skattyter har i utgangspunktet rett til å få se dokumenter som angår hans ligning."

Sivilombodsmann Fliflet meiner alle og einkvar skal få innsyn i eigne skattesaker, så sant ikkje særlege grunnar talar imot. Skattytaren treng ikkje visa til spesielle behov for innsyn.

Olav Sørheim (56) har lege i strid med skattestyremaktene på kommune-, fylke— og riksnivå sidan han i 1998 fekk konsesjon på ein nabogard i Etne. Han brukte rundt 100.000 kroner i prosessutgifter for å få Landbruksdepartementet på si side etter at dei først sa nei til konsesjon i 1995.

Først med, så imot Sørheim søkte om frådrag i likinga for prosessutgiftene, og fekk medhald i likningsnemnda og overlikningsnemnda i Etne. Men fylkesskattenemnda sa nei, og riksskattenemnda sa nei. Difor la bonden saka si fram for Sivilombodsmannen.

Olav Sørheim fekk innsyn i kva likningsetaten argumenterte med først etter at nemndene hadde fatta vedtak. Dette slår Sivilombodsmannen ned på. Skattedirektoratet nekta først Sørheim innsyn i saksførebuinga, det samme gjorde fylkesskattekontoret i Hordaland.