Her er ein førebels oversikt over meklingsfristar framover, med eventuell streik ved arbeidsstart dagen etter:

    1. mai: Oljeindustrien. Norsk Olje— og Petrokjemisk forbund (NOPEF) mot oljeindustrien (OLF) om landbaseavtalen.
      1. mai: NSB-tilsette i YS og LO mot NAVO. Jarnbanen kan stoppe 16. mai.
        1. mai: Handel og Kontor mot Flyselskapenes Landsforening (Braathens). Kamp for arbeidsplassane i Braathens vil truleg gje streik.
          1. mai: PRIFO mot Skychef Norge, flymat til utanlandsfly.
            1. mai: Kommuneoppgjeret: LO, YS og UHO mot KS. Store forventningar på grunn av svak lønsutvikling, strid mellom høg- og låglønsgrupper og krav frå KS om større lokale tillegg er blant spørsmåla som her kan gje streik.
              1. mai: NRK-tilsette i YS og LO mot NAVO. Det blir truleg stilt frå NRK dersom teknikarane her går til streik.
                1. mai: Truleg frist for Norsk Journalistlag og Mediebedriftenes Landsforening. Eventuell streik i aviser, TV 2 og andre mediabedrifter.
                  1. mai: Avisbod i Norsk Transportarbeiderforbund mot mediebedriftene.
                    1. mai: Truleg frist for sjukehustilsette i LO, YS og UHO mot NAVO.
                      1. juni: Handel og Kontor mot Bensinstasjonhandlernes Landsforening.
                        1. juni: Handel og Kontor mot Golden Air.
                          1. juni: Verkstadtilsette i forsvaret (Fellesforbundet) mot Forsvardepartementet.